Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Rogaland: Suldal

Området består av tre grender med intakte heigardar langs Suldalsvatnet. Landskapet utgjer eit typisk hei- og skoglandskap, med gardar i dei bratte liene og stølar på dei tilhøyrande høgareliggande heiene.

Suldal foto Jarle Lunde-SuldalFoto

Jordbruksdrift
På Hamrabø er gardsbruka drive svært ekstensivt til noko meir intensivt, med mjølkeproduksjon, sau, purker og smågris, i tillegg til småkraftverk og turisme. På Klungtveit og Mokleiv er store område gjerda inn og nytta til sauebeite.

Historie
Funn i utmarka tyder på at det kan ha vore jordbruksdrift og busetting i området allereie i jarnalderen. Det bratte landskapet er kultivert med murar, veiter, steingardar, stiar, trapper og rydningsrøyser gjennom svært lang tid. Bruka ligg i brattlendt terreng og er tungdrivne. Området ber framleis sterkt preg av eldre, tradisjonelle driftsformer. Det er mange eldre tun og bygningar som er godt bevarte.

Særpreg
Området er representativt for heilandskap og fjellgards-miljø på Vestlandet. Området er rikt på naturbeitemarker, og i tillegg finst hagemarker, haustingsskog og slåttemarker som vert skjøtta. Særpreget er mellom anna knytt til det store talet haustingstre (kydlestuvar), som anslagsvis omfattar fleire tusen. Området er også særmerkt i sin region fordi desse fjellgardane står i sterk kontrast til kva folk elles oppfattar med landbruk i Rogaland.

Opplevingar i kulturlandskapet
Nasjonal turistveg Ryfylke Rv13 går gjennom området. Dette gir gode høve til å stanse og oppleve landskapet. Det går mange turstiar frå gardane i området og innover i Suldalsheiane. Husa og området blir nytta til gardsturisme, mellom anna med arrangerte pilegrimsvandringar i samarbeid med Den norske kyrkja.

 Rogaland_671_719

Suldal kommune, Rogaland

Landskapstype
Hei- og skoglandskap med gardar og stølar

Landskapsregion
Indre bygder på Vestlandet

Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag

Areal
28 000 daa, inkludert 706 daa innmark

Lenke til kart i Naturbase