Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Sogn og Fjordane: Grinde - Engjasete

Grinde-Engjasete har ei svært interessant kulturhistorie med tradisjonelle driftsformar som enno vert praktisert på fleire av bruka. Lokalsamfunnet på Grinde har vore flinke til å ta vare på den tradisjonelle ressursutnyttinga, og den unge generasjonen er oppteken av å vidareføre driftsformen.

Trestammer- Grinde

Svært mange gamle styvingstre i området vitnar om at lauvinga var viktig for landbruket før i tida. Lauvinga har bidrege til stor variasjon av ulike kulturmarker i området. Ein finn hagemarker med bjørk eller ask, lauvenger med ask, alm, bjørk eller selje og haustingsskogar med alm eller ask. Dei fleste styvingstrea finn ein i tilknyting til vegar, steingardar, rydningsrøysar og bekkefar. Sårbare beitemarksoppar, sjeldne vedbuande soppar og interessante artssamfunn av lav og mose held til på styvingstrea i området.

Gravrøyser og andre funn fortel om landbruksdrift i området sidan eldre bronsealder. Lauvsankinga kan sporast tilbake til 2 400 år f.Kr. Det har truleg vore fast busetnad i det historiske tunområdet sidan 500 år f.Kr. Bygningane i tuna og på innmarka er i stor grad frå 1800-talet og her er verdifulle bygningsmiljø. Området er rikt på steingardar, bakkemurar, rydningsrøyser og gamle vegfar.

Grinde-Engjasete er ein typisk fjordgard der ressursgrunnlaget har vore alt frå fiske i fjorden til utmarkshausting i fjellet. Både innover Grindsdalen og oppover fjellet ligg fleire stølsområde som vart brukt på ulike årstider. På Orrasete ligg det gamle heimestølsmiljøet som vart brukt vår og haust av gardane på Grinde og Engjasete. Her finn ein også mange tekniske strukturar i tillegg til murar og tuft er etter gamle sel og høyløer.

Dei gamle kulturmarkene og kulturminna ligg i ein mosaikk med meir moderne produksjonsareal for frukt, eng og beite. Området er skånsamt utnytta med få moderne inngrep, og framstår som eit kulturlandskap med stor tidsdjupne. Årleg slått og beiting av engareala i tilknyting til styvingstrea formar eit lysopent og parkliknande landskap.

Leikanger kommune, Sogn og Fjordane

Jordbruksregion
Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag

Områdetype
Fjordgrend ved Sognefjorden, med gårdstun, innmark med frukthager, eng, beite og gamle kulturmarker, inkludert lauvingslier

1 100 dekar

Nyheter

    Bildegalleri