Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Sogn og Fjordane: Ormelid

Ormelid utgjer eit autentisk heilskapleg kulturmiljø som syner heile garden sitt utnyttingsområde med tun, innmark, utmark og stølar og er lite prega av moderne tekniske inngrep. Ein eldre ferdselsveg bind det heile saman. Med unntak av det utbygde vassdraget Granfasta og kraftliner sør for nedre Ormelid er også det storskala landskapet i Fortunsdalen heilskapleg og visuelt einskapleg.

Ormelid - foto Leif Hauge (Copyright: Leif Hauge)

Tunet og innmarka på høgdegarden ligg 450 moh på ei dalhylle inst i Fortunsdalen. Dei to stølande Nedstestølen og Øvstestølen ligg 563 moh og 831 moh. Frå Fortun og via tunet og Øvstestølen går traseen til den gamle ferdavegen mellom Fortundalen og Bøverdalen.  Ormelid gard vart freda etter kulturminnelova i 2011 og er rik på biologiske og kulturhistoriske verdiar.

Området har gamal kulturmark med lang kontinuitet og stort innslag av sjeldne og sårbare naturtypar - hagemark, beitemark, lauveng, haustingsskog og styvingstre. Slåttengene har nasjonal verdi og er utvald naturtype. Her er både meir næringsrike enger og tørrenger med sjeldne artar som brudespore, vanleg nattfiol og bakkesøte.

Dyrkingsspor og strukturar frå tidleg landbruksdrift samt førhistoriske busetjingsspor er automatisk freda. Den freda bygningsmassen er godt bevart. Tunet har seks bygningar, frå 1600-, 1800- og 1900-talet. I innmarka finst tufter etter ei smie og ein husmannsplass. Stølane har bevarte hus, ruinar og intakte steinmurar. Den tidlegare mykje brukte Dølavegen mellom Sogn og Bøverdalen gjekk forbi Ormelid. Ferdslevegen over fjellet, med 20-40 vardar, kan vere opptil 3 000 år gamal og fortel om kontakt mellom ulike delar av landet over lang tid.

Garden vart drive tradisjonelt fram til slutten av 1900-talet, der eigarane vidareførte eit nedarva bruksmønster med lange tradisjonar. Eit intensivt utmarksbruk med slått og lauving la grunnlaget for produksjon av husdyrgjødsel som åkrane og dei beste engene kunne gjødslast med. Øvre og Nedre Ormelid fekk framført veg så seint som i 1987.

Stiftinga Ormelid gard eig no staden, som i dag ikkje har fast busetnad. Stiftinga skal ta vare på og å forvalte Ormelid med bygningar, inventar, lausøyre, kulturlandskap både heime og på stølane, og nytte staden til kulturelle og ålmennyttige føremål og kultur- og naturbasert næringsverksemd med utgangspunkt i garden sine ressursar.

Luster kommune: Sogn og Fjordane

Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag


Områdetype
Fjellandskap med høgdegard og støler