Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Sogn og Fjordane: Lærdal

Midtre Lærdal ligg inst i Sognefjorden og har vore eit viktig knutepunkt for ferdselsåra mellom Aust- og Vestlandet over Filefjell og Hemsedal.

Midtre Lærdal foto Leif Hauge_SF_436_174

Skildring av området
Det utvalde området omfattar delar av dalbotnen i Lærdal, fleire grender, ei rekkje kulturminne og biologisk verdifulle område.

Borlaug, Borgund-Seltun, Stuvane-Raa, munningen av Tynjadalen og Ofta-Hauge-Molde er dei fem kjerneområda i det utvalde området. På gardane i dalføret driv dei aktivt og moderne jordbruk.

Historie
Ferdselshistorie og jordbruksstrukturar med eit tidsspenn frå yngre steinalder/bronsealder til notid utgjer to raude trådar i dette heilskaplege kulturlandskapet. Dalføret vart tidleg teke i bruk av folk, og har spor etter jordbruksdrift tilbake til yngre bronsealder. Gamle vegsystem fortel om mykje ferdsel. Det finst eit rikt tilfang av foto frå pionerfotografane,  dei som byrja interessere seg for det vestnorske landskapet samtidig som utanlandske turistar byrja kome til desse områda (på fjellvandring, klatring og laksefiske.

Særpreg for kulturlandskapet
Ulike kulturmarker og kulturmiljø gir området det regionale særpreget som er typisk for indre dalar på Vestlandet. Her finst tradisjonsrike gardsmiljø og lokalitetar med særleg biologisk og kulturhistorisk verdi side om side med moderne bygningsmiljø og infrastruktur. Gamle vegsystem fortel om mykje ferdsel. Spesielt kjent er kongevegen/historiske vegar, med Vindhellavegen og dei omfattande systema av vatningsveiter i dalføret. Borgund stavkyrkje ligg og i området.

I heile området finst slåttemarker, naturbeitemarker, hagemarker, haustingsskog og artsrike vegkantar. Her finst eit stort artsmangfald med innslag av sjeldne og sårbare artar, og mange funn av sjeldne og raudlista artar av lav, sopp og insekt. Fleire naturbeitemarker og slåtteenger har truleg svært høg alder.

Aktivitet i området idag
Dalen har gode lokalklimatiske forhold som saman med lettdriven sandjord gjer det gunstig for moderne jordbruksdrift. Her er store utmarksområde med gode beite for husdyr. Det vert drive med sau, geit, storfe, mink, honningbier, alpakka og gris. Det finst også ein hjortefarm i området, og det satsast i dag også nytt innafor grøntnæringa. Dalføret er elles vidt kjent for laksefiske i Lærdalselvi. Området er elles mykje bruka som ekskursjonsområde for undervisningsinstitusjonar.

Landskapet og kjerneområda er lett tilgjengelig som reisemål sidan hovudvegane mellom Vestlandet og Austlandet går gjennom dalføret, både riksveg 5 frå Sogndal og europaveg 16 (E16), der sistnemnde utgjer hovudgjennomfartsåra mellom Oslo og Bergen.

SognOgFjordane_999_717

Lærdal kommune, Sogn og Fjordane

Landskapstype
Dallandskap med tydeleg U-dal og flat dalbotn prega av aktivt jordbruk, omgitt av steile fjell

Landskapsregion
Indre bygder på Vestlandet

Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag

Areal
39 000 daa, inkludert 19 000 daa skog og utmark

Lenke til kart i Naturbase