Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Telemark: Hjartdal og Svartdal

Nordbygda i Hjartdal og nabobygda Svartdal er kjent for sine rike kulturlandskapskvalitetar. Bratte fjellsider omkransar gamle gardsklynger i dalbotnen, midtli-gardar oppe i frodige dalsider, og småbruk og husmannsplassar i baklier og trongare sidedalar. Området er prega av ein mosaikk av ulike typar bruk, husar eit sjeldan og stort artsmangfald og kulturmarkstypar, og har ei rekkje kulturminne og freda og verneverdig bygningsmasse.

Hjartdal og Svartdal - foto Sissel Rübbert (Copyright: Sissel Rübbert)

Svært mange nasjonalt verdifulle naturtypelokalitetar er registrert i kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal. Særleg er dette knytt til slåtteenger og store areal med haustingsskog og naturbeitemark. I skogsområda er mykje rik edellauvskog og rik blandingsskog knytt til næringsrik berggrunn (amfibolitt mm) registrert. Artsmangfaldet i slåtteenger og lauvingstrær/gamle edellauvtrær er stort, med mange trua arter frå fleire artsgrupper. I slåtteengene finst bl.a. kvitkurle, bakkesøte, landets største bestandar av søstermarihand, og einaste innlandslokalitet med ormetunge. Apollosommarfugl og fleire sterkt trua sommarfuglartar og trua artar av bier/veps og biller knytt til blomsterrike enger er registrert. På lauvingstrær av alm er det påvist fleire sårbare arter, bl.a. almebroddsopp og flere lavarter.

Det finst kjente gravfelt i dalsidene i Hjartdal, mellom anna «Kjempehaugen» datert til jernalder. Området har ein svært høg del SEFRAK bygg og fleire freda bygg- og anlegg, både enkeltobjekt og heilskaplege miljø med alle typar bygningar knytt til det tradisjonelle landbruket. Immateriell kulturarv blir også teke vare på ved at tradisjonelle driftsmåtar, eksempelvis knytt til slått og lauving, er haldne i hevd i ubroten tradisjon på mange av lokalitetane. Ilag med levande tradisjonar knytt til musikk, mat og handverk blir kulturhistorie, tradisjonar og tru bruka i formidling og reiselivsverksemd hos fleire aktørar.

Området har omtrent 200 grunneigarar. Ca 50 landbruksføretak i Hjartdal og Svartdal produserer mjølk og kjøtt frå storfe og småfe. Areala vert brukte til grasproduksjon, beite og hausting av slåtteenger og lauvingslier. Sau, storfe, hest og geit beiter i innmark og utmark. I Hjartdal er det totalt vel 2000 dyr og i Svartdal er det i underkant  av 1100 dyr, til saman ca 3100 dyr. Omtrent 85% av beitedyra er sau/lam og 12 % storfe. Dette viser god tilgang på beitedyr innanfor området.  I tillegg er det mange storfebruk omkring det definerte området i Hjartdal og Svartdal. Innanfor området finst den bevaringsverdige kurasen Telemarksku, og rasen finst også i tilgrensande bygder

Hjartdal og Seljord kommuner, Telemark

Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder

Områdetype
Bygder i dallandskap med småskala bruksstruktur