Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket

No blir ti nye landskap med i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Engeløya (Copyright: Berit A. Staurbekk)

Nytt utvald kulturlandskap: Engeløya i Steigen kommune i Nordland

 

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitene, og vert leia av Landbruksdirektoratet, Riksantikvaren og Miljødirektoratet. Formålet med satsinga er å sikre ei langsiktig forvalting av eit utval jordbrukslandskap med svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar. Satsinga er basert på frivillige avtalar mellom staten og grunneigarane.

No har Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet, etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, utpeikt ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Dei ti nye utvalde landskapa:

  1. Værne kloster, Rygge kommune, Østfold
  2. Sørkedalen med Bogstad gård, Oslo kommune, Oslo
  3. Leveld, Ål kommune, Buskerud
  4. Hjartdal og Svartdal, Hjartdal og Seljord kommuner, Telemark
  5. Havrå, Osterøy kommune, Hordaland
  6. Ormelid, Luster kommune, Sogn og Fjordane
  7. Alnes på Godøya, Giske kommune, Møre og Romsdal
  8. Kvelia-Kvesjøen, Lierne kommune, Nord-Trøndelag
  9. Engeløya, Steigen kommune, Nordland
  10. Skallan-Rå, Kvæfjord kommune, Troms


Utvalde kulturlandskap i jordbruket vart etablert i 2009 og omfattar no 32 område over heile landet.
Les meir på regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/10-nye-utvalde-kulturlandskap-i-jordbruket/id2558869/

Collage utvalde kulturlandskap 2017

 Ti nye landskap er med i satsinga "Utvalde kulturlandskap i jordbruket".




Mer om temaet