Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Frukt og bær

Hordaland og Sogn og Fjordane er føregangsfylke for økologisk frukt og bær. Målet er å auke konsum og produksjonen av økologisk frukt og bær til 15 prosent av norsk produksjon.

Epler (Copyright: Colourbox)

Arbeidet i foregangsfylkeprosjektet er viktig for å bidra til auka norsk produksjon av økologisk frukt og bær.

Første prosjektperiode var frå oppstart i 2010 til 2014. I denne perioden var det m.a. fokus på samarbeid med frukt- og bærrådgjevarane i Norsk Landbruksrådgjeving. I tillegg er Nibio og Njøs Næringsutvikling viktige aktørar for å drive forskning- og utprøvingsarbeid for å sikre betre kvalitet og meir effektiv økologisk frukt-og bærproduksjon. Lokalmatkontaktane hjå Fylkesmennene samt Kompetansenava for lokalmatproduksjon, har vore viktig for å drive produktutvikling og lokal omsetjing og foredling av økologisk frukt og bær.

Eple og plomme er dei viktigaste kulturane innan økologisk fruktproduksjon. I perioden 2010-2014 var det om lag 50% auke i omfanget av økologiske eple som blir omsett gjennom grossistar. Direkte sal lokalt er óg ein viktig omsetjingskanal. Den økologiske bærproduksjonen er konsentrert rundt dei største byane, og blir formidla av grossistar som kan garantere rask levering av ei ferskvare som bær. 

Føregangsfylke frukt og bær har i 2017 halde fram satsinga på å rekruttere dyrkarar som vil levere til fruktpakkeria, slik at ein kan auke mengda av konsumfrukt. Det er rom for auka sal i kjedene, slik at det ligg til rette for å motivere til auka produksjon. Det er auka interesse for å starte med økologisk frukt- og bærproduksjon til lokalmat og eigen vidareforedling. Akseptabel meirpris er oppnådd for dei økologiske dyrkarane. Mange produsentar leverer til industrien. Det er gode prisar for industrieple, og ved å levera til industri kan ein sleppe noko meirarbeid utan å tape så mykje i inntekt.

Sidan 2015 har det vore ein auke på 200 daa i det totale fruktarealet som blir drive økologisk. Når det gjeld bær, har både dei økologiske bærareala og karensareala auka i perioden 2013-2017, noko som tyder på ei stabil auke av økologisk bærproduksjon. Det er over 100 økologiske fruktprodusentar i dei viktigaste fruktfylka. I tillegg er det enkeltprodusentar i andre fylke. Det er nokre fleire dyrkarar med areal i karens i Telemark og Hordaland. Det er óg aukande interesse for økologisk frukt og bærdyrking både i Agder og i Trøndelag, og interesse for økologisk jordbærproduksjon og bringebærproduksjon i Nordland, Troms og Finnmark.

I samarbeid med  andre aktørar har det vore gjennomført eit emballasjeprosjekt (ØkoFruktEmb) i 2017. Målet har vore å utvikle miljøvenleg emballasje/mindre plast i emballasjen for økologisk frukt, og teste det ut i butikk. Med papirposar kan  meir av den økologiske epleavlinga  bli omsett som økologisk, då denne emballasjen tek storleiker som ein hadde problem med å omsetje som økologiske tidlegare.

Det har vore halde fagkurs,fagsamlingar og andre arrangement for å auke produksjonen og betre kvaliteten av økologisk frukt og bær. Generelt var det fleire deltakarar enn venta på fleire av arrangementa, og både deltakartalet, mediainteresse og presseoppslag kan tyde på auka interesse for omleggjing til økologisk drift både innan økologisk frukt- og bærproduksjon.  

 

Fakta

Prosjekteigar
Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Periode: 2014 - 2018

 

Tilsegn
2014: kr  2 500 000
2015: kr  2 500 000
2016: kr  2 400 000
2017: kr  2 900 000
2018: kr  2 500 000

 

 

 

 

 

Adresse
Oslo/ heile landet

Prosjektleiar
Frøydis Lindén

Epost/telefon:
fmhofli@fylkesmannen.no
55 57 21 86

Lenker

Fylkesmannen

Foregangsfylker

NLR