Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Regenerativ fruktdyrking

Føremålet med prosjektet er å prøva ut klimavenlege driftsmåtar i økologiske forsøksfelt for at ein kan styrke kunnskapsgrunnlaget om ein meir klimavenleg økologisk fruktproduksjon med auka karbonbinding og formidle dette til fruktnæringa.
Dette prosjektet kan styrke kunnskapen og informasjonen om økologisk jordbruk, som er avhengig av at det blir bygd meir kunnskap på ulike område. I tillegg vil ein sjå særleg på ein klimavenleg fruktproduksjon.

Epler i tre

Njøs Næringsutvikling ynskjer å byggje vidare på resultat frå dekkeforsøk gjennomført på Njøs, og anna relevant forsking. På Njøs er det etablert ein demonstrasjonshage for økologisk frukt, og den er godt egna til utprøvingane, da den har moderat moldinnhald i ei leir-rik jord.

Det regenerative landbruket legg aktivt til rette for å henta ned CO2 og lagre den som karbon i molda. Dette kan vise seg å vera det mest effektive av alle klimatiltak, det fører òg til ein eksplosjon av liv og fruktbarheit i molda fordi karbon er grunnlaget for alt levande. Fleirårige kulturar kan yte viktige økosystemtenester både i form av karbonfangst når frukttrea byggjer opp biomasse og karbonlagring når veksten stoppar og treet lagrar karbon i biomasse og jorda. Samtidig med dette vert karbonlageret i jorda oppretthalde ved tilførsle av  biomasse frå over og under bakken.

Prosjektet vil resultere i forslag til konkrete tiltak for ein meir klimavenleg fruktproduksjon og kunne ha overføringsverdi til ulike bærkulturar. Resultata skal formidlast til fruktnæringa.

Sjå t.d.denne lenka: https://ostafjells.nlr.no/prosjekter/jordkarbon/30484/

Resultat i 2018

I 2018 er det utarbeidd ein modell for årleg karbonbalanse i ein moderne frukthage, arrangert ein workshop om temaet og etablert eit feltforsøk i den økologiske visningshagen på Njøs. Dei mest lovande dyrkingsregima for auka jordfruktbarheit vart lagt ut for testing. Det er samla inn data frå forsøket på mikrobiologi, jordstruktur og permeabilitet, totalmengde organisk materiale og karboninnhald, næringsbalanse, C/N-forhold og leidningsevne. Ulike formidlingsprosjekt er gjort, som prosjektpresentasjonar på relevante heimesider og sosiale media, samt at det er publisert ein artikkel i fagtidsskriftet «Norsk frukt og bær».

 

 

 

Fakta

Prosjekteier:Njøs Næringsutvikling

Periode: 

2018-2020

Tilsagn:

2018:FF frukt og bær         2019: kr 285 000   

Adresse

 Njøs Næringsutvikling,Leikanger

Prosjektleder

  Liv Hatleli Gilpin 

 E-post/tlf

 liv@njos.no/ 95734576

 

Prosjekttype

Veiledningsprosjekter for primærprodusenter

Produktkategori

  • Frukt