Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordtrøyttleik i eple (VitalEPLEJORD)

Ein barriere for auka økologisk epleproduksjon er at lite fruktbar jord, eller "jordtrøyttleik", fører til svak etablering og tilvekst for epletrea.

Lite fruktbar jord fører til dårleg etablering av epletre, kjenneteikna av svak tilvekst i felta, sterke avlingsreduksjonar og dårlegare fruktkvalitet. I dette prosjektet ynskjer ein å gjera innleiande kartlegging av jordfruktbarheita i økologiske og konvensjonelle eplehagar for å påvise eventuelle skilhader i dei to driftsmåtane, og styrke kunnskapsgrunnlaget kring etablering av epletre.

Resultata frå prosjektet vil gje auka kunnskap og forståing hos dyrkarar og rådgjevarar når det gjeld risiko ved nyetablering av frukttre. Prosjektresultata vil kunne ha stor overføringsverdi til andre langvarige kulturar i  hagebruksnæringa der trøytt jord er ein barriere for god etablering av ungplanter

Fem konvensjonelle og fem økologiske eplehagar vil bli vald ut og ulike egenskapar ved jorda vil bli kartlagd som mold, karbon, C/N -forhold, næringsbalanse, samt mikrobiologisk aktivitet  

Tiltaka i 2019 er å: 1. Kartlegge jordkjemi og jordbiologi i konvensjonelle og økologiske eplehagar. Leveranse: Datasett for analyse..2. Kartlegge skilnader i driftsmåte knytt til bruk av organisk materiale Leveranse: Publikasjon, artikkel i «Norsk frukt og bær» og i «Økologisk landbruk» 3. Formidle prosjektresultat Leveranse: Ein presentasjon av prosjektet, aktivitetar og erfaringar på relevante heimesider og fagblad

Resultat                                                                                                                                                                                        Jordkjemi: Det som først og fremst skilte jorda i økologisk dyrking frå jorda i konvensjonell dyrking var eit høgre  innhald av organisk materiale, høgre innhald av totalt nitrogen, høgre innhald av plantetilgjengeleg fosfor, meir stabilt innhald av plantetilgjengeleg magnesium og meir stabil pH og basemetningsgrad.

Nematodar: Økologisk drift ser ut til å kunne auke bakteriekonsumerande nematodar, minske rotkonsumerande nematodar og auke altetarar.  Bakteriekonsumerande nematodar kan utgjere ein større andel i eplehagar med lang forkultur av frukt samanlikna med hagar utan lang forkultur av frukt, medan rotkonsumerande nematodar kan utgjere ein større del i hagar med kortare forkultur av frukt. Dei rotkonsumerande nematodane som gruppe er dominert av opptil 90 % spiralnematodar, rotsårnematodar og stubbrotnematodar. Spiralnematodane er den største gruppa som nesten heilt er dominert av arten Rotylenchus montanus. Stubbrotnematodar hadde signifikant høgre populasjonstetthet i dei økologiske hagane samanlikna med dei konvensjonelle. Fleire rotkonsumerande nematodar nådde skadelege nivå lokalt i dei undersøkte hagane. Driftsformer som favoriserer bakteriekonsumerende nematodar og fakultative predatorar som alteterar kan hjelpe til å redusere skader frå rotkonsumerande arter.

Phytophthora: Denne undersøkinga har vist at det kan være mykje Phytophthora i norske frukthagar. Det må difor bli meir fokus på tiltak for å redusere Phytophthora-problematikken: Plantematerialet må kontrollerast nøye før utplanting. Dersom det blir oppdaga brune rotspissar eller generelt dårleg rotutvikling, bør plantene undersøkast for Phytophthora før ein tek sjansen på å plante dei ut. Infisert plantemateriale gjeld i stor grad importen, men også norskprodusert plantemateriale kan vera smitta dersom det er svikt i planteskolehygienen. Plantesunnhetssertifikatet som følgjer importerte planter er ingen garanti for at dei er frie for
Phytophthora. Hvis det er tilgjengelleg, bruk motstandsdyktige (resistente) tre. Sørg for å ha god drenering for å hindre produksjon, spredning og infeksjon fra svermesporer av Phytophthora. Pass på at infisert jord ikkje blir dradd med på kjøretøy eller fottøy frå smitta til smittefrie område på garden eller mellom bruk (kan lett skje ved maskinsamarbeid). Maskiner og redskap som har vore brukt i område med Phytophthora-smitte må reingjerast nøye før flytting til smittefrie område.

Phytophthora forekom ved begge driftsformer. Talet på jordprøver var totalt 50 (5 samleprøver/bruk, kvar samleprøve kom frå separate rader). Testomfanget var for lite til å dra konklusjonar om årsak til jordtrøttleik, men det har gitt verdifull kunnskap til å byggje vidare på. (NIBIO RAPPORT 6 (58) 2020)


EigarNIBIO ÅS
Periode2019
Tilsagnkr 700 000
ProsjektlederChrister Magnusson
E.-postChrister.magnusson@nibio.no

 

Prosjekttype

Veiledningsprosjekter for primærprodusenter

Produktkategori

  • Frukt