Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Vurdering av økonomi og fruktkvalitet i økologisk og integrert dyrking av norske eple- og plommesortar

Føremålet er å samanlikne produksjonen hos eple- og plommedyrkarar som dyrkar frukt etter integrerte prinsipp (IVP-prinsipp) med felt der dyrkinga skjer etter regelverket for økologisk produksjon. Samanlikninga gjeld avling, fruktkvalitet, kjemisk innhald og økonomisk resultat.

Plommer (Copyright: Colourbox.com)

Bakgrunnen for dette prosjektet er eit tidlegare NIBIO-prosjekt i perioden 2015-17. Resultat i kortvarige prosjekt kan vera usikre, så difor er det ynskjeleg å vidareføre prosjektet over fleire år.

Delmåla er:
• å kunne dokumentere økonomisk resultat i moderne tettplantingar under ulike dyrkingsmetodar
• å sikrare kunne seie noko om forventa avlingsnivå og klassifisering av frukt
• å kunne dokumentere fruktkvalitet og kjemisk innhald i frukt for dei to ulike dyrkingsmetodane.

Målgruppa  omfattar dyrkarar, rådgjevarar, omsetningsledd, forbrukarar og styresmakter. For dyrkarane er den økonomiske delen svært viktig. For å vekkje interesse for økologisk dyrking blant nye produsentar, er det viktig å dokumentere at det er lønsamt å dyrke økonomisk frukt. Dei viktigaste tiltaka er registrering av avling, kvalitet, pris, brutto omsetning, arbeids- og maskinkostnader på om lag 24 felt, der halvparten er økologiske og halvparten er integrete.

Prosjektet kan styrke kunnskapen og informasjonen om økologisk jordbruk. Både den konvensjonelle og den økologiske fruktdyrkinga er avhengig av at det blir bygd meir kunnskap på ulike område.

EierNIBIO
Periode2018-2019
TilsagnKr 551 000
ProsjektlederTorbjørn Haukaas
Kontakttorbjorn.haukaas@nibio.no
telefon: 47658552

 

Produktkategori

  • Frukt
  • Annet