
Regjeringa utarbeidde ein "Nasjonal strategi for økologisk landbruk" i 2018. Målet er å stimulera til økologisk produksjon som er etterspurd i marknaden. Dette vil medverke til auka matmangfald samt utsikt til næringsutvikling og verdiskaping knytt til dei gardane som driv økologisk produksjon.
Den Nasjonale strategien for økologisk jordbruk har tre innsatsområder som er:
- Kunnskap og kompetanse
- Leggje til rette for økologisk produksjon
- Utvikle ein effektiv verdikjede
Strategien har to viktige tiltak som skal medverke til at ein kan nå måla om ein markedsretta produksjon:
- Eit "Økologiprogram" laga av Landbruksdirektoratet i dialog med avtalepartane og Økologisk Norge
- Eit "Dialogforum" med sentrale aktørar frå verdikjeden er oppretta. Statsråden leiar forumet med mål om å få til ein meir velfungerande marknad for norsk økologisk produksjon
Her kan du lese heile økologiprogrammet
Økologisk produksjon har ein naturleg plass i landbruket, både i eit miljøperspektiv, som ein "spydspiss" for det konvensjonelle landbruket og for å sikra eit mangfald til forbrukarane.
Omgrepet "økologisk" innan landbruket er verna. Debio er utøvande kontrollinstans. Ø-merket til Debio er det norske godkjenningsmerket for økologisk produksjon. (For meir informasjon om idégrunnlag i økologisk landbruk, reglar, kontroll og merkebruk, sjå Debio si heimeside).
Landbruksdirektoratet sine oppgåver
Landbruksdirektoratet
- forvaltar ulike tilskotsordningar til økologisk landbruk, under dette ulike direktetilskot til primærprodusentar og tilskot til utviklingstiltak innan økologisk landbruk.
- har sekretariatsansvar for Styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), og Styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL), som begge kan løyve midlar til forsking på økologisk landbruk.
- har ein rådgjevande funksjon ovanfor Landbruks- og matdepartementet (LMD) i spørsmål knytt til økologisk landbruk.
- fylgjer med både på prisutviklinga på råvaresida, samt omsetnaden og prisutviklinga av økologiske matvarer i daglegvarehandelen.
- utarbeider halvårlege rapportar med informasjon om kva som er produsert og selt av økologiske landbruksvarer.
Aktuelle lenker til meir informasjon om økologisk landbruk
Offentleg info, regelverk og kontroll
www.debio.no kontroll og merkegodkjenning av økologisk produksjon
www.mattilsynet.no/okologisk
www.lmd.dep.no Landbruks- og matdepartementet
www.fylkesmannen.no
http://matportalen.no/Emner/okologi ved Mattilsynet
Organisasjonar
www.okologisknorge.no Økologisk Norge - Fellesorganisasjonen for økologiske forbrukarar og produsentar
https://www.biodynamisk.no/ Biologisk-dynamisk Forening
Rettleiing
http://www.lr.no/ Norsk landbruksrådgjeving
https://www.agropub.no/ NORSØK - Norsk senter for økologisk landbruk
Vidaregåande skular
www.sjh.vgs.no Sogn Jord- og hagebruksskule
www.mare-landbruk.vgs.no Mære landbruksskole,Sparbu
www.jonsberg.vgs.no Jønsberg landbruksskole, Stange
Tidsskrift/nettmagasin
www.renmat.no magasin for økologisk mat og miljø
http://okologisk.lfr.no økologisk fagbladUtlandet
www.ifoam.org global paraplyorganisasjon for økologisk landbruk
www.krav.se svensk varemerke og kontrollforening
www.soilassociation.org det engelske varemerke og kontrollordning
www.bioland.de eit tysk varemerke og organisasjon for økologisk landbruk, produksjon, regelverk, foredling og omsetnad
www.ernte.at Austerrike sitt økologiske varemerke og kontrollorgan
www.okoland.dk forening for økologiske bønder, forbrukarar og verksemder
www.fibl.org sveitsisk forskingsinstitutt for biologisk landbruk