Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Om økologisk landbruk

eng (Copyright: Colourbox.com)

Regjeringa utarbeidde ein "Nasjonal strategi for økologisk landbruk" i 2018. Målet er å stimulera til økologisk produksjon som er etterspurd i marknaden. Dette vil medverke til auka matmangfald samt utsikt til næringsutvikling og verdiskaping knytt til dei gardane som driv økologisk produksjon.

Den Nasjonale strategien for økologisk jordbruk  har tre innsatsområder som er:

  • Kunnskap og kompetanse
  • Leggje til rette for økologisk produksjon  
  • Utvikle ein effektiv verdikjede

Strategien har to viktige tiltak som skal medverke til at ein kan nå måla om ein markedsretta produksjon:

  • Eit "Økologiprogram" laga av Landbruksdirektoratet i dialog med avtalepartane og Økologisk Norge
  • Eit "Dialogforum" med  sentrale aktørar frå verdikjeden er oppretta. Statsråden leiar forumet med mål om å få til ein meir velfungerande marknad for norsk økologisk produksjon 

Her kan du lese heile økologiprogrammet

 

Økologisk produksjon har ein naturleg plass i landbruket, både i eit miljøperspektiv, som ein "spydspiss" for det konvensjonelle landbruket og for å sikra eit mangfald til forbrukarane.

Omgrepet "økologisk" innan landbruket er verna. Debio er utøvande kontrollinstans. Ø-merket til Debio er det norske godkjenningsmerket for økologisk produksjon. (For meir informasjon om idégrunnlag i økologisk landbruk, reglar, kontroll og merkebruk, sjå Debio si heimeside).