Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Regionalt miljøtilskot vert utbetalt 14. mars

Regionale miljøtilskot for 2017 er klare til utbetaling. Søkjarane får pengane på konto onsdag 14.mars.

Leka-okt-07-Dyr-på-beite

Frå Leka i Trøndelag. Foto: Erik Stenvik, Fylkesmannen i Trøndelag


Til saman får 20 170 føretak utbetalt 431,2 mill. kroner.

I Altinn finn du vedtaksbrevet som fortel kor mykje tilskot du får.

Viss du ynskjer å klage på vedtaket, må du klage innan 3 veker frå du fekk vedtaksbrevet i Altinn.

Regionale miljøtilskot går til bønder som gjer tiltak som bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet og kulturminne, redusere utslepp til luft og vatn, og ta vare på biologisk mangfald.

Kontakt kommunen din om du har spørsmål.

Mer om temaet