Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Høy og og seter (Copyright: Statens landbruksforvaltning)

Formålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

  • SMIL i 2017

    Det er sett av 95 mill. kroner til SMIL i 2017.  

    I 2015 blei SMIL-ordninga avgrensa til søkjarar som var berettiga produksjonstilskot. Ei utilsikta følgje av dette var at eigar av landbrukseigedom, som har leigd bort alt areal, ikkje lengre kunne søkje om SMIL-midler.

    Frå 2017 er forskrifta endra slik at også eigarar som ikkje sjøl driv areal likevel kan søkje SMIL-tilskot dersom det drivast ein tilskotberettiga produksjon på landbrukseigedomen.

     

  • Kven kan søkje SMIL-midler?

    Kommunen behandler og avgjer søknader om tilskot. Kommunane utarbeider overordna retningsliner for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar).

    Tilskot kan gis til foretak der det foregår ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen, og som oppfyller vilkåra i forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 2 og  § 3 eller § 4. Landbrukseigedomen sin eigar må gje tillatelse til gjennomføring av prosjekt eller tiltak etter denne forskrifta.

    Søkjer må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som foretaket disponerer. Kulturminner, områder som er viktige for biologisk mangfald, arealer med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betydning skal være kartfesta og beskrevet.

    Det skal søkes på eige søknadsskjema. Kommunen kan fastsetje søknadsfrist.

  • Tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt:

    Formålet med slike tiltak er å få ein meir heilskapleg og samordna innsats på miljøområdet, og bidra til prosessar som sikrar breiast mogeleg involvering og forankring i miljøarbeidet. Igangsetjing av prosessar som leier fram til gode og konkrete kulturlandskaps- og forureiningstiltak, der forholda blir lagt til rette for heilskaplege prosjekt over større område, er ønskjeleg.

  • Tilskot til kulturlandskaps- og forureiningsreduserande tilt...

    Formålet med slike tiltak er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.

    Eksempel på tiltak innan kulturlandskap kan vere ivaretaking av biologisk mangfald, gammal kulturmark, kulturminne og kulturmiljø (inkludert verneverdige bygningar). Vidare kan aktuelle tiltak vere tilrettelegging for meir lagleg tilkomst og opplevingar i landskapet.

    Eksempel på tiltak som reduserer forureining kan vere utbetring og supplering av hydrotekniske anlegg, miljøplantingar, økologiske reinsetiltak, omlegging til meir miljøvennleg og ekstensiv drift på spesielt erosjonsutsette areal og særskilde bygningsmessige miljøtiltak.

  • Veiledning - ulike tilskudd / praktiske råd

    Veiledning - kulturminner

    Kulturminnefondet har sammen med Landbruksdirektoratet utarbeidet informasjonsmateriell for de som ønsker å søke om tilskudd til å ivareta verneverdige bygninger. Veiledningen gjelder både for Kulturminnefondets tilskuddsordning og for ordningen Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL.

    Informasjonsmateriellet er rettet mot grunneiere/kommuner som eier/forvalter kulturminner. Veiledningsmateriellet skal:

    • gi søkere av tilskudd bedre oversikt over hvilke ordninger som finnes
    • praktiske råd i forbindelse med søknadsprosedyrer
    • faglige råd knyttet til istandsetting og vedlikehold av kulturminner.

    Veiledningsmateriellet består av en rekke faktaark som er lagret som PDF-filer. Du finner de ved å gå inn på Kulturminnefondets nettside

    Veiledningen gjelder både for Kulturminnefondets tilskuddsordning og for ordningen Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL.

    Veiledning - hydrotekniske tiltak