Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Enklare forvaltning av statsallmenningane

Statsallmenningslovutvalet foreslår at ei ny fjellov skal erstatte dei to lovene som i dag regulerer bruken og forvaltninga av statsallmenningane.

Høyfjell (Copyright: Landbruksdirektoratet)

 

Mandatet for utvalet har lagt vekt på at lovrevisjonen i første tekkje skal ta sikte på å forenkla lovverk og administrasjon statsallmenningane.

Ifølgje utvalsleiar og høgsterettsdommar Karl Arne Utgård blir det lagt opp til eit auka lokalt sjølvstyre mellom anna ved at fjellstyra etter forslaget ikkje skal kunne instruerast av statlege organ i styringa av den jordbrukstilknytte bruken.

Fagdirektør Ola Chr. Rygh i Landbruksdirektoratet var ein av dei sju medlemmane i sekretariatet for Statsallmenningslovutvalet.

Du kan lese meir om forslaget til ny satsallmennigslov, NOU 2018: 11 - Ny fjellov, på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider.