Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Feil i tollnedsetjingar for salat og korn

Ein teknisk feil har gjort at overføring av tollsatsar frå Landbruksdirektoratet sitt system til Tolletaten ikkje er satt i verk, og noko import som skulle hatt nedsett toll i tida 1. til 3. april får difor full toll. Den som vert ramma av feilen kan søke om tollnedsetjing.

Før påske vart det publisert to tollmeldingar med generelle tollnedsetjingar. Den eine gjeld ei rekkje mel og kraftfôrråvarer til nedsett toll i heile april, medan den andre gjeld lågare toll på issalat og annan hovudsalat i tida 2. til 8. april. Overføring av tollsatsar frå Landbruksdirektoratet til Tolletaten har feila, og import under dei aktuelle varenummera vil difor skje til ordinær tollsats frå 1. til 3. april.
Dei to tollmeldingane finn du til høgre her.

Dei som har importert eller skal importera noko på desse varenummera i løpet av dei siste to dagane eller i dag, tysdag, kan søka om individuell tollnedsetjing for dei aktuelle varene. Dei må då bruke Altinn og det elektroniske søknadssystemet for tollnedsetjingar.

Om det skulle oppstå problem kan importørar kontakta Håvard Georg Jensen (tlf. 78 60 62 52) eller Anders Hellestveit (tlf. 78 60 61 60).

Kontaktperson

Mer om temaet