Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kontaktmøte med grøntbransjen

Dette årlige møtet skal vera ein arena for dialog mellom næringa og forvaltninga, kor det vert tatt opp tema som er viktige for grøntbransjen. Tema i år er framtida.

Gulrot, potet, løk, rødbeter (Copyright: Colourbox.com)

Velkommen til kontaktmøtet mellom grøntbransjen og Landbruksdirektoratet. Tema er framtida, og til å halda innlegg om kva som vert viktig for grøntnæringa framover har me invitert fire aktørar: EU, NIBIO, GRAMINOR og foredlingsbedriften Eimealt frå Rogaland som bruker tradisjonelle metodar til å produsera trendy mat.

I tillegg vil direktoratet presentera status for grøntsektoren, og det vil bli diskusjonar om administreringa av tollvernet og andre aktuelle problemstillingar.

Alle interesserte kan melda seg på! Det vert servert ein enkel lunsj etter møtet.

Tid og dato: Frå kl 10:00 til kl 12:30 den 6. mars

Påmeldingsfrist: 28. februar. Meld deg på her.

Program for dagen:

  • Tollvernet 2019 ved Martin Inderhaug, Ldir
  • Tallenes tale ved Johanne Schjøth, Ldir
  • «Nasjonal strategi for økologisk jordbruk» ved Kirsti Rønning, Ldir
  • Lov om god handelsskikk i EU ved Karianne Christiansen, EUs delegasjon til Norge, og Marthe Bay Haugen, ved Landbruks- og matdepartementet
  • Forskning på grønnsaksdyrking: hvilke uutnyttede muligheter fins? ved Erling Stubhaug, NIBIO Landvik
  • Tilgang på frø og plantemateriale i fremtiden ved Kristin Børresen, Graminor
  • Trendy mat laget på tradisjonelle metoder, ved May Tone Johnsen og Heidi Garvik, Eimealt

Adresse: Landbruksdirektoratet, Stortingsgata 28.

Utkast til veileder for administreringen av tollvernet for frukt og grønt 2019 vil bli lagt ut på nettet i forkant av møtet. Innspel til forvaltinga av tollvernet som ein ønsker skal tas opp i kontaktmøtet kan sendast på epost til mhi@landbruksdirektoratet.no. Det vil òg vera ope for innspel til vår praksis under møtet.

OBS! Same dag som kontaktmøtet for grøntbransjen, er det seminar om norske og internasjonale landbruksmarkeder frå klokka 1300 til 1515. For dei som vil delta får du informasjon og anledning til å melde deg på her.