Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Stor import av pizza og andre bakervarer etter nyttår

Importen av bearbeida jordbruksvarer (RÅK-varer) i første kvartal 2019 var prega av rekordstor import av pizza, samt fortsatt oppgang i import av brødvarer, øvrige bakverk og melkebaserte drikkevarer.

Pizza (Copyright: Colourbox.com)

Det var rekordstor import av pizza i 1. kvartal 2019.

Eksporten av bearbeida varer auka og, men er forholdsvis liten. Det viser ein ny rapport frå Landbruksdirektoratet.

Pizza er ei av varegruppene som hadde størst oppgang i importert mengde, samanlikna med første kvartal 2018. Pizza-importen har heller aldri vore større. Auken skuldast at det har kome ein ny aktør i marknaden. Halvparten av pizzaen kom frå Tyskland, og deretter følgjer Italia, Sverige og Danmark.

Størst import av brødvarer og øvrig bakverk
Importen av brødvarer og øvrig bakverk fortsette å stige i første kvartal, som er dei varegruppene det er størst import av. Importen av sjokolade har gått ned frå føregåande kvartal, medan importen av sukkervarer har gått opp. Vidare importerer nordmenn i aukande grad næringsdrikker, som inngår i varegruppa melkebaserte drikkevarer.

Auka eksport av knekkebrød, pizza og sjokolade
Noregs eksport av RÅK-varer er totalt sett avgrensa. Dersom ein ser bort frå mineralvatn, som det er størst eksport av, har eksporten likevel auka frå både første og fjerde kvartal 2018. Høgare eksport av knekkebrød, pizza og sjokolade forklarer i stor grad oppgangen.

Det har vore ein aukande eksport av knekkebrød og pizza over tid, og i første kvartal 2019 var eksporterte kvantum høgare enn i noko føregåande kvartal.  

Norsk produksjon aukar
Total mengde RÅK-varer det vart søkt om tilskot for i første kvartal er høgare enn i tilsvarande periode i fjor. Hovudårsaken er økt sal av sjokolade og pizza både i Noreg og til utlandet.

Du kan lese heile rapporten «Konkurranse-situasjonen for bearbeidede landbruksvarer. 1. kvartal 2019» her.

Kontaktperson

Mer om temaet

Ordforklaringer