Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Gode søkjartal i første søknadsperiode for regionalt miljøtilskot

Søkjartala frå første søknadsperiode syner at mange nyttar elektronisk søknad og at gjenbruk av kart og tiltak frå tidlegare år har vore til stor hjelp. Både for søkjar og kommune.

Heile seks fylker hadde frist for å søkje om regionale miljøtilskot no den 20. august. Våre tal syner at fleire søkjarar enn tidlegare starta søknadsprosessen i god tid før fristen. Over 9 800 søknader har kome inn elektronisk så langt.

Trass tekniske utfordringar i denne første søknadsperioden, har det vore merkbart færre henvendingar inn til Landbruksdirektoratet enn tidlegare år. Den erfaringa som kommune og Fylkesmann har opparbeida seg innan det elektroniske søknadssystemet dei siste åra er nok ein viktig årsak til dette.  

For meir informasjon om regionalt miljøtilskot og korleis søkje, gå inn på Om regionale miljøtilskudd og Hvordan søke.  Her vil ein finne søknadsfristar for dei resterande fylkene og lenker til Fylkesmannen sine eigne sider med meir informasjon om ordningane og vegleiingsmateriell.

Tre fylker har utsett fristen sin:

-          Sogn og Fjordane, ny frist 24. august

-          Nordland, ny frist 31. august

-          Møre og Romsdal, ny frist 20. september

Foto på forsiden: Atle Haug

Kontaktperson

Elektroniske tjenester

Mer om temaet