Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Innspelsmøte for nasjonal strategi for villbier og andre pollinerande insekt

Regjeringa skal lage ein nasjonal strategi for å sikre mangfaldet av villbier og andre pollinerande insekt. Forskarar, interesseorganisasjoner, offentleg forvaltning og andre blir inviterte til å bidra med erfaringar og forventninger til strategien gjennom eit innspelsmøte måndag 26. september 2016.

Lys jordhumle på hundekjeks (Copyright: Colourbox, rettigheter kjøpt av Ldir)

Foto: Colourbox.com

Møtet blir arrangert i Oslo av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet. Dei to direktorata skal utarbeide eit faggrunnlag for strategien, og i møtet ynskjer vi innspel til dette arbeidet. På programmet (lenke) er innlegg frå fleire forskningsmiljø som vil gjera greie for kunnskapsstatus og aktuelle tiltak. Erfaringar og tilrådingar frå ulike sektorer vert presenterte, og ulike organisasjonar er bedne om å leggje fram sine forventningar til strategien. Det er også sett av tid i programmet der det er høve for andre til korte innlegg (5 min).

Pollinering er ei verdifull økosystemteneste
Globalt er 90 % av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinatorar. Sjølv om dei store jordbruksvekstane som korn, mais, soyabønne og  rotfrukter kan dyrkast utan bidrag frå pollinatorar, er meir enn tre firedelar av dei viktigaste jordbruksvekstane avhengige av insekt eller andre pollinerande dyr for å sikre høge avlingar av god kvalitet. Innan det globale landbruket reknar ein at pollinatorar bidreg til 5-8 % av den totale marknadsverdien av planteproduksjonen, noko som svarer til 235- 577 mrd. US dollar. I Norden er det særleg frukt, bær, oljevekstar og frø av kløver og andre erteblomar som kan få dårlegare avling og kvalitet dersom insektpollineringa sviktar.

Internasjonalt er nedgangen i pollinerande organismar sett på dagsorden av FNs naturpanel (IPBES). Panelet la fram si fyrste utgreiing i februar i år. Utgreiinga slår fast at pollinering utført av insekt og ulike virveldyr har mykje å seie for matproduksjonen i verda. Utgreiinga har framlegg til ulike tiltak for å ta vare på mangfaldet av pollinatorar. Les meir om IPBES-utgreiinga hos Miljødirektoratet

Her finn du presentasjonane frå møtet:

 

 

 

 

 

Kontaktperson

Mer om temaet