Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Regionalt miljøtilskot vert utbetalt 22. februar

Regionale miljøtilskot for søknadsomgangen 2016 er klare til utbetalling. Søkjarane får pengane på konto onsdag 22. februar. Til saman får 20 400 føretak utbetala 418,1 mill. kroner.

Ravinelandskap beite (Copyright: Terje Blindheim)

Beite i ravinelandskap kan ein få tilskot til gjennom regionale miljøprogram Foto: Terje Blindheim

Alle føretak får vedtaksbrevet i Altinn. Du vert varsla på mobil og/eller e-post når brevet kjem. Brevet kjem nokre dagar før utbetalinga kjem på konto. 

Les meir om regionalt miljøtilskot

Viss du ynskjer å klage på vedtaket, må du klage innan 3 veker frå du fekk vedtaksbrevet i Altinn.

Regionale miljøtilskot går til bønder som gjer tiltak som bidreg til å betre vassmiljøet, oppretthalde kulturlandskapet og kulturminner, leggje til rette for friluftsliv, reduserer utslipp til luft og tek vare på biologisk mangfald.

Har du spørsmål? Kontakt kommunen din.