Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lanserer ny miljøstatistikk på nettet

Status og utvikling for miljøverkemidla i landbruket er tilgjengeleg hos Landbruksdirektoratet, med oppdaterte tal for 2016. Talgrunnlaget kan lastast ned frå direktoratet sine sider.

Jærdam (Copyright: Bent Tovslid)

Ved hjelp av miljøstatistikken til Landbruksdirektoratet, vert det enklare å finne ut korleis miljøtiltaka verkar

Berekraftig landbruk er eit av dei overordna måla for norsk landbruks- og matpolitikk. Politikken har som delmål å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap, fremje berekraftig bruk og vern av landbruksareala og ressursgrunnlaget, redusere utslepp av klimagassar, auke lagring av karbon og sikre gode klimatilpassingar.

Les oppdatert miljøstatistikk her

- For å nå desse måla treng vi målretta og effektive tiltak og verkemiddel, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen. Statistikken gjev informasjon om tiltaka som blir gjort for å sikre og utvikle miljøverdiane i jordbruket. 

- Det er avgjerande å ha god informasjon om tiltaka som blir sette inn og resultata dei gjev. Når vi gjer denne statistikken tilgjengelig digitalt, får alle interesserte lett tilgang, seier Rolfsen.

Les mer om nasjonalt miljøprogram

Les mer om regionalt miljøprogram

Les mer om klima- og miljøprogrammet

Statistikkgrunnlaget kan lastast ned og enkelt nyttast i andra samanheng.

Juridiske og økonomiske verkemiddel
Vi har ulike verkemiddel for å sikre ein miljøvennleg landbruksproduksjon. Dei juridiske verkemidla er hovudsakleg ulike miljøkrav som bonden må følgje opp for å ha rett til å ta imot tilskot. Dei økonomiske verkemidla er både generelle tilskot som sikrar at areal vert haldne i drift, og meir spesifikke tilskot til målretta miljøtiltak for å sikre miljøkvalitetar som krev særskilt forvaltning og skjøtsel. I tillegg skal ulike informasjons- og formidlingstiltak medverke til at næringsutøvarane har oppdatert kunnskap om ein mest mogeleg miljøvennleg driftspraksis.

Digital oversikt
Etter oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet gir Landbruksdirektoratet ei årleg oversikt over dei økonomiske verkemidla i landbruket knytt til jordbruksoppgjeret. Statistikken inneheld informasjon om kva miljøtiltak som er gjennomførde, kor store beløp som er løyvde til dei ulike tiltaka samt effekt. Talgrunnlaget er henta frå dei ulike tilskotsordningane som er samla under Nasjonalt miljøprogram.

Tidlegare vart desse tala presentert i ein eigen årleg rapport – «Miljøstatus i landbruket». For å gjere tala tilgjengelege og for å kunne presentere meir detaljert informasjon, har vi frå i år valt å leggje fram statistikken digitalt på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Talgrunnlaget er også tilgjengeleg i eit format for å nytte og arbeide vidare med det i andre samanhengar.

Foto på forsiden: Colourbox