Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Auke i internasjonale kjøtprisar, nedgang for korn og mjølkeprodukt

Dei internasjonale prisane som Landbruksdirektoratet følger syner nedgang i prisen på korn og mjølkeprodukt i mars, medan prisen på storfe- og svinekjøt auka. Prisen på lauk gjekk også ned i mars, medan gulrotprisen held seg stabil.

Svineslakt_Illustrasjonsfoto: COLOURBOX.COM (Copyright: COLOURBOX.COM)

FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks gjekk ned i mars, etter at prisindeksen for fleire råvarer gjekk ned. Unntaket er kjøt, som hadde ein prisauke i mars.

Høgare prisar på kjøt
FAO sin prisindeks for kjøt gjekk opp med 0,7 prosent i mars. Stor etterspurnad frå spesielt Kina dreiv opp verdsmarknadsprisane på svinekjøt, medan låge tilførslar av storfekjøt i Oseania heldt prisane på storfekjøt oppe. I EU har prisane på kuslakt auka sidan midten av februar. Samstundes har EU-prisane på ung okse gått skiftevis opp og ned. Den danske prisen på svinekjøt auka i mars, og hadde såleis den same utviklinga som den gjennomsnittlege EU-prisen.

Svak prisnedgang på kylling, auke for egg
Importrestriksjonar som følgje av fugleinfluensa i fleire land bidrar stadig til sterk konkurranse i den internasjonale kyllingkjøtmarknaden. Den gjennomsnittlege prisen på kyllingkjøt i EU låg i mars rundt 2 prosent lågare enn for eit år sidan, og prisen gjekk ned med om lag 1 prosent frå februar til slutten av mars. Snittprisen på egg i EU auka med 4,6 prosent i frå februar til mars.

Lågare prisar for mjølkeprodukt på verdsmarknaden
FAO sin prisindeks for meieriprodukt i mars var 189,9. Dette var ned 4,4 poeng frå februar. Auka tilførsler på eksportmarknaden gjer at prisane har gått ned. I Tyskland kan vi sjå ein prisnedgang for skummamjølkpulver og gouda, medan prisane for emmenthalerost og smør gjekk litt opp.

Mykje korn trekk ned prisane
Det er svært god tilgang på korn i inneverande sesong, og det ligg også an til eit godt avlingsår i 2017–2018. Dermed har prisane falle den siste tida. I Sør-Amerika er soya- og maisavlingane enda betre enn tidlegare venta, og det er også godt med kveite på verdsmarknaden.

Prisnedgang for lauk, gulrot stabil
I den tyske marknaden gjekk prisen på lauk ned i mars, medan gulrotprisen heldt seg stabil. Tilførslane var større enn etterspurnaden, og eksportmarknaden var relativt svak. Den nye sesongen for grønsaker har starta i deler av Tyskland. Det er lite som tyder på høgare prisar med det første.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet