Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Auke i internasjonale prisar på korn og egg

Internasjonale prisar på korn og egg auka i september. Prisane på kjøt var stort sett stabile, medan prisane på meieriprodukt utvikla seg i ulik retning.

egg-og-mel Foto: Colourbox.comEtter stor tilgang på kveite i innhaustinga i august, stabiliserte tilgangen på kveite seg i september. Dette førte til at prisen auka.

Fortsatt høge smørpriser, lågare priser på skummamjølkpulver
Liten tilgang på smør til eksport har bidrege til høge prisar på smør, medan prisane på skummamjølkpulver har gått ned den siste månaden. Prisane på ost i EU synest å vere stabile.

Stabile prisar på kjøt
FAO sin prisindeks for kjøt var om lag uendra frå august til september. Høgare verdsmarknadsprisar på småfekjøt jamna ut ein svak prisnedgang på svinekjøt. Verdsmarknadsprisane på storfe- og fjørfekjøt var stabile.

Den danske prisen på svinekjøt klasse E fortsette å gå ned i september, etter å ha hatt ein topp i juni/juli. Prisen følgde dermed same utviklinga som snittprisen for EU. I Tyskland og Danmark hadde ikkje prisane på ung okse klasse O nokon tydeleg retning i september. Det er nokså vanleg at EU-prisane på ung okse går opp dei siste månadane før jul.

Den gjennomsnittlige prisen på kylling i EU endra seg lite frå august til september, mens prisen i Danmark auka med tre prosent. Det er god dekning i marknaden, og prisane er stabile.

Høgare eggprisar i EU
Snittprisen på egg i EU var om lag tolv prosent høgare i september enn i august, og prisene auka i både Nederland, Polen og Finland.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson