Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Fall i internasjonale prisar på kjøt og smør

Verdsmarknadsprisane på kjøt og meierivarer gjekk ned i oktober, medan prisane på egg og kylling auka i EU.

Smågriser Foto: SLF
Verdsmarknadsprisane på svinekjøt gjekk ned i oktober

FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks for landbruksvarer gjekk ned 1,3 prosent frå september til oktober. Nedgangen skuldast lågare prisar på kjøt og meieriprodukt.

Fall i smørprisen
Smørprisen har gått kraftig ned, men den er framleis på eit høgt nivå. Kjøparar avventar situasjonen i marknaden, noko som har ført til fall i prisen. Prisane på skummamjølk- og heilmjølkpulver har gått ned den siste månaden, saman med prisen for tysk gouda. Prisane på emmenthaler synest å vere stabile.

Stabile matkveiteprisar målt i norske kroner
Målt i amerikanske dollar gjekk prisane på europeisk matkveite ned i oktober. Men sidan amerikanske dollar vart svekka mot den norske krona på same tid, heldt prisane seg stabile målt i norske kroner.

Varierande prisutvikling for kjøt
FAO sin prisindeks for kjøt gjekk ned med bortimot ein prosent frå september til oktober. Store tilførslar ga lågare prisar på verdsmarknaden for småfe- og svinekjøt, medan dei internasjonale prisane på storfekjøt auka som følgje av at det var knapt med storfekjøt tilgjengeleg for eksport frå Oceania. Verdsmarknaden for fjørfekjøt var i god balanse i oktober, og prisane som er med i FAO sin indeks var stabile.

I Danmark og EU gjekk òg svinekjøtprisane ned i oktober, medan dei tyske og danske prisane på kjøt av ung okse gjekk opp. Den danske prisen på kylling endra seg lite i oktober, medan den gjennomsnittlege EU-prisen auka med bortimot 18 prosent.

Høgare eggprisar i EU også denne månaden
Snittprisen på egg i EU var om lag femten prosent høgare i oktober enn i september, og prisene auka i fleire land i EU.


Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

 

Kontaktperson

Mer om temaet