Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

FAO sin matvareprisindeks gjekk ned i juli

Prisane på skummamjølkpulver og kjøt i EU gjekk ned i juli. Medan prisane på europeisk kveite fortsette å auke.

FAO sin matvareprisindeks gjekk ned med 3,7 prosent frå juni til juli. God tilgang på meierivarer på den internasjonale marknaden ga lågare prisar for alle meieriprodukta som inngår i FAO sin indeks. Tyske prisar gjekk òg ned, med unntak for tysk gouda som gjekk opp i pris.

Kjøtprisar i EU lågare for storfe og svin
I EU gjekk prisane på både storfekjøt og svinekjøt ned frå juni til juli. EU-prisane syner den same utviklinga som kjøtprisane som inngår i FAO sin matvareprisindeks.

Tørt vêr nord i Europa gir auka kveiteprisar
Prisane på europeisk kveite fortsette å auke i juli. Auka skyldast at det ser ut til å bli dårlege avlingar i fleire av landa som produserer mykje kveite på verdsbasis. Tørt vêr har ført til store utfordringar for kornproduksjonen nord i Europa.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson