Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Fleire landbruksvarer blei dyrare i februar

Dei internasjonale prisane på mjølkeprodukt, stor- og småfekjøt, kylling og gulrot gjekk opp i februar, medan egg og korn blei billegare. Laukprisane heldt seg stabile. FAO sin samla matvareprisindeks for februar var opp 0,9 poeng frå januar.

Gulrot, potet, løk, rødbeter (Copyright: Colourbox.com)

Matvareprisindeksen frå FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) var 175,5 i februar, opp 0,9 poeng frå januar. Samanlikna med februar 2016, har indeksen auka med 25,8 poeng frå 149,7. Det betyr at dei internasjonale matvareprisane i indeksen har auka med 17 prosent det siste året. 

Alle produktkategoriane i indeksen auka frå februar 2016 til februar 2017. Meieriprodukt og sukker auka meir enn indeksen, medan korn og kjøt hadde ei lågare auke enn indeksen. Vegetabilske oljar auka likt med indeksen.

Kornprisane gjekk ned
Dei internasjonale kornprisane har i store trekk gått ned den siste månaden, etter at dei auka like etter årsskiftet. Det er særleg prisane på mais og soya som har falle, mellom anna på grunn av høg produksjon. Kveiteprisane har også gått ned den siste månaden, men mindre enn for mais og soya.   

Høgare prisar på storfe og småfe, stabilt for svinekjøt
Den danske prisen på svinekjøt låg stabil i februar. I Tyskland låg snittprisen på ung okse klasse O i februar marginalt over nivået frå januar, medan prisen i Danmark gjekk svakt ned.

FAO sin prisindeks for kjøt auka med vel 1 prosent frå januar til februar. Stabile marknadar for svine- og fjørfekjøt ga lita prisendring på disse kjøtslaga. Høgare prisar på storfekjøt frå Australia og småfekjøt frå New Zealand trekte indeksen opp. I Australia blir det slakta mindre storfe fordi bøndene bygger opp dyreflokkane, medan tilførslane av lam frå New Zealand går ned i takt med at slaktesesongen lid mot sluten.

Litt auka prisar for mjølkeprodukt på verdsmarknaden
FAO sin prisindeks for meieriprodukt i februar var 194,2. Dette var opp 1,2 poeng frå januar. Etterspurnad og tilbod er i balanse, meiner FAO. I Tyskland kan vi sjå ein liten prisnedgang for meieriprodukt frå januar til februar, unntatt for emmenthalerost som gjekk litt opp.

Prisnedgang for egg og auke for kylling
Den gjennomsnittlege EU-prisen på egg gjekk ned med 1,8 prosent i februar. Den polske prisen auka, medan prisane i Danmark og Sverige var stabile. Nederlandsk pris gjekk litt ned. Den gjennomsnittlege prisen på fjørfekjøt i EU auka med bortimot ein prosent frå januar til februar. Dansk pris på kylling gjekk ned.

Stabile laukprisar, oppgang for gulrot
I den tyske marknaden auka prisen på gulrot, etter ein lang periode med låge prisar. Det var stabile tilførsler i februar. Marknaden for lauk var framleis stabil. I andre viktige eksportland enn Tyskland, kan likevel prisbiletet være annleis.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Mer om temaet