Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høgare internasjonale prisar på mjølk, kjøt og kveite

Fleire av dei internasjonale prisane som Landbruksdirektoratet følgjer auka i mai. Prisane på både meieriprodukt, kveite, egg og kjøt frå firbeinte dyr gjekk opp, medan prisane på kylling var stabile. For lauk og lagringsgulrot ser ein òg ein prisauke.

Kalv drikker fra flaske (Copyright: Colourbox.com)

 

Dei internasjonale prisane på meierivarer gjekk opp i mai. I Tyskland var prisen på smør rekordhøg i slutten av månaden, blant anna som følgje av sterk etterspurnad i USA og EU. For ost og skummamjølkpulver såg ein òg høgare prisar i mai. FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) sin prisindeks for meieriprodukt gjekk opp med vel fem prosent frå april, med prisauke for alle varane som er med i indeksen.

Auke i kveiteprisane
Tilgangen på kveite er høg etter ein god sesong, og kveiteprisane ligg difor på eit lågt nivå. Eksportprisane auka likevel i mai, spesielt i Nord-Amerika, grunna dårleg vêr som ga uvisse rundt neste års avling.

Prisauke for kjøt frå dei firbeinte
FAO sin prisindeks for kjøt gjekk opp med 1,5 prosent i mai. Låge tilførslar av både storfekjøt og lammekjøt bidrog til høgare verdsmarknadsprisar for desse kjøtslaga. Den tyske prisen på ung okse klasse O gjekk litt opp frå nivået i april. Stor etterspurnad etter svinekjøt fekk dei internasjonale prisane på svinekjøt til å auke. Både den danske prisen på svinekjøt klasse E og den gjennomsnittlege EU-prisen gjekk opp i mai.  

Stabile kyllingprisar, prisauke for egg
Den gjennomsnittlege prisen på kyllingkjøt i EU var stabil frå april til mai, medan prisen i Danmark gjekk ned med tre prosent. Prisen på egg i EU gjekk ned med seks prosent frå april til mai.

Svak prisauke for gulrot og lauk
I Tyskland har prisane på gulrot variert litt dei siste månadane, men prisutviklinga for lagringsgulrot er svakt aukande. Dei tyske prisane på lauk varierer òg, og trenden syner ein svak prisauke.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Relaterte nyheter

Mer om temaet