Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Internasjonal prisnedgang på meieriprodukt, varierande utvikling for kjøt

Prisane på meieriprodukt gjekk ned i november. Prisane på storfekjøt auka, medan prisane på svin gjekk ned. Samstundes svekka den norske krona seg, noko som drog opp dei internasjonale prisane målt i norske kroner.

FAO (FNs organisasjon for mat og landbruk) sin prisindeks for kjøt heldt seg stabil i november, med ulik utvikling for kjøt av storfe og svin. Knappe tilførslar frå Oceania driv opp verdsmarknadsprisane på storfekjøt, men prisen på kuslakt i EU ser ut til å vere på veg ned. Verdsmarknadsprisane på svinekjøt gjekk ned i november. Dette skuldas at utbodet av svinekjøt frå dei store eksportlanda var større enn etterspurnaden på verdsmarknaden. I EU var likevel prisane på svinekjøt stabile. Det same var prisane på kyllingkjøt.

Prisnedgang på meieriproduktOstedisk 674x279 Foto: Landbruksdirektoratet
FAO sin prisindeks for meieriprodukt gjekk ned i november, mellom anna fordi dei største produsentlanda auka sin produksjon. Tysk pris på både smør og skummamelkpulver gjekk ned. Det same gjorde prisen på gouda.

Stabile kornprisar
Kornmarknaden er som vanleg roleg på denne tida av året, og prisane på kveite i Europa og USA heldt seg stabile i november. Men på grunn av svekka norsk krone auka prisane målt i norske kroner.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet