Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kontaktmøte med kjøtbransjen 23. mai

Landbruksdirektoratet inviterer til kontaktmøte med kjøtbransjen, torsdag 23. mai. Dette møtet skal vera ein møteplass kor det vert tatt opp tema som er viktige for både marknadsaktørane, forvaltninga og andre som er tilknytt norsk kjøtnæring.

I tillegg til at Landbruksdirektoratet vil fortelja om pågåande prosessar, implementering av nye ordningar og status for kjøtmarknaden frå vårt synspunkt, har me òg invitert eksterne som vil halda innlegg om interessante tema. Påmelding er ope for alle, og det vil bli servert ein lett lunsj. Frist for påmelding er måndag 20. mai. Meld deg på ved å følga denne linken.

Program for dagen:

  • 08:30–09:00:    Registrering og kaffi
  • 09:00–10:00:    Veileder for importvernet og gjennomgang av marknadsregulering
  • 10:00–10:30:    SALSUS v/Bela Szabo om deira verksemd, som foredler storfebein til høgkvalitetsprodukt
  • 10:30–10:50:    Pause
  • 10:50–11:25:    Nortura v/Hilde Kari Skarstein orienterer om marknadssituasjonen sett frå marknadsregulator sin ståstad
  • 11:25–12:00:    NMBU v/Odd Magne Harstad: «Husdyras rolle i bærekraftig matproduksjon i Norge»1
  • 12:00–13:00:    Lunsj
  • 13:00–14:30: 
    • Relevante nyhende frå årets jordbruksavtale
    • Informasjon om kommunesamanslåing frå 1.1.2020
    • Endring av praksis for refusjon av tilskot frå 1.1.2020
    • Litt om konsesjonsregelverket (gris)
  • 14:30-14:45: Oppsummering