Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lågare internasjonale prisar på korn og kjøt

Dei internasjonale prisane på kveite fortsette å gå ned i august, som følgje av stor produksjon. Verdsmarknadsprisane på kjøt av sau/lam, fjørfe og svin låg stabile, medan dei internasjonale prisane på storfekjøt gjekk litt ned.

Dei internasjonale prisane på korn som Landbruksdirektoratet følgjer gjekk ned i august, medan prisane smør og egg gjekk opp. Lågare prisar på korn, sukker og kjøt bidrog til at FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks for landbruksvarer gjekk ned med 1,3 prosent frå juli til august.

HveteaksStor kveiteproduksjon gir lågare prisar
Det meste av kveiteproduksjonen på verdsmarknaden er no hausta, og internasjonale kveitepriser gjekk ned i august som følgje av at produksjonen ser ut til å bli større enn venta. Produksjonen er spesielt stor i Svartehavsregionen, som eksporterte mykje kveite i august.

Høgare smørprisar, lågare pris for skummamjølkpulver
Liten tilgang på smør til eksport har bidratt til svært høge prisar på smør. Prisane for heilmjølkspulver har og gått opp, medan skummamjølkpulverprisen har gått ned den siste månaden. Ostemarknaden synest vere stabil.

Varierande prisutvikling på kjøt
FAO sin prisindeks for kjøt gjekk ned med 1,2 prosent frå juli til august. Verdsmarknadsprisane på kjøt av sau/lam, fjørfe og svin låg stabile, medan auka tilførslar av storfekjøt frå Australia bidrog til at dei internasjonale prisane på storfekjøt gjekk litt ned.

Den danske prisen på svinekjøt klasse E gjekk ned i midten av august, medan snittprisen for EU låg om lag uendra frå månaden før. Prisane på ung okse i Tyskland og Danmark gjekk opp i august.

Høgare eggprisar i enkelte EU-land
Snittprisen på egg i EU var nærare sju prosent høgare i august enn i juli, men i mange land var prisen om lag uendra. Prisen på egg i Nederland er på veg oppover, og prisene har og auka i Polen.

Prisnedgang for gulrot og lauk
Prisen på tysk, pakka gulrot gjekk ned i august. Det same gjorde prisen på norsk gulrot. Nedgangen skyldast auka forsyningar utover i innhaustinga og god marknadsdekning.

Prisen på lauk gjekk ned i august. I år var den tyske lauken hausteklar tidlegare enn i fjor, mens norsk lauk var hausteklar seinare enn i fjor. Det vart derfor spesielt stor avstand mellom når den tyske lauken kom på marknaden og når den norske lauken kom på marknaden.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet