Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Meir eksport av landbruksvarer frå Noreg – stabil import

I første kvartal vart det importert landbruksvarer for 14,58 mrd. kroner, marginalt opp frå same periode i fjor. Samstundes auka verdien av eksporten med 3 prosent. Importen av kjøt gjekk ned, medan det vart eksportert meir tilverka dyrefôr og drikkevarer.

Storfekjøtt skjæres (Copyright: Colourbox.com)

Handelsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at Noregs samla handel med landbruksvarer auka i første kvartal 2018, samanlikna med same periode i fjor. Importen endra seg lite både i mengd og verdi, medan verdien av eksporten auka med bortimot 3 prosent.

Auka eksport av bakarvarer, dyrefôr og drikkevarer
Totalt eksporterte vi landbruksvarer for 2,54 mrd. kroner i første kvartal i år. Nokre av varegruppene vi eksporterer mykje av målt i verdi er tilverka dyrefôr og drikkevarer. Eksporten av bakarvarer, mellom anna knekkebrød, har òg auka dei siste åra. I første kvartal 2018 auka verdien av drikkevareeksporten med 19 prosent, medan eksporten av bakarvarer auka med 18 prosent og tilverka dyrefôr med 16 prosent.

Eksporten av meieriprodukt auka i mengde, men gjekk noko ned i verdi. Det var auka eksportmengde av ost og skummamjølkpulver, medan myse og myseprotein, som utgjorde det største kvantumet meieriprodukt, gjekk ned i mengde i første kvartal 2018 samanlikna med same periode i fjor. Osteeksporten utgjer mest i verdi av meieriprodukta.

Mindre import av kjøt, meir import av korn
Den samla importen av landbruksvarer var på 14,58 mrd. kroner i første kvartal. Medan importen av meierivarer og korn auka, vart det importert mindre kjøt og friske grønsaker, samanlikna med same periode i 2017.

Verdien av den samla importen av kjøt og tilverka kjøtvarer gjekk ned med vel 19 prosent i første kvartal i år, som følgje av høgare norsk marknadsdekning og mindre importbehov. Det er særleg storfekjøt som driv importen. Ein kortare periode med generelle tollnedsetjingar for storfekjøt gav mindre import i første kvartal 2018 enn i same periode i 2017. I første kvartal i år vart det importert 1 700 tonn storfekjøt innanfor generelle tollnedsetjingar, mot nesten 4 100 tonn i den same perioden i fjor.

Importen av korn auka med 10 prosent, målt i verdi. Auken heng saman med det krevjande vêret hausten 2017, som gjorde det vanskeleg å oppnå god kvalitet på det norske kornet. Ein har difor måtta importere meir såkorn og korn av matkvalitet enn året før. I første kvartal 2018 vart det importert 2 300 tonn meir såkorn til bygg enn i same periode året før. Importen av både kveite og havre auka óg. Vanlegvis treng ein berre å importere spesialkvaliteter av havre, som økologisk og glutenfri vare, men i år har ein i tillegg måtta importere vanleg mathavre for å supplere den norske produksjonen.

Importen av meieriprodukt gjekk opp i første kvartal i år samanlikna med i fjor. Det er ost og yoghurt det vert importert mest av. Yoghurten syner ei lita auke frå i fjor til i år. Ordinær import av ost aukar med nesten 300 tonn opp til knapt 3200 tonn i første kvartal i år. Forbruket av ost i Noreg gjekk ned i 2017 samstundes som importen auka. Tala for første kvartal syner ei fortsatt auke i importen

Kontaktperson