Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Over seks millionar nye kyllingar av slakterase i mai

Klekketala for mai er klare, og viser stadig auke i produksjonen av slaktekylling. Klekkinga av kalkunkyllingar ligg lågare enn dei siste åra. Det same gjeld klekkinga av kyllingar av verperase.

Nyklekte kyllinger 2 (Copyright: Statens landbruksforvaltning)

 

Produksjonen av slaktekylling er på veg opp, og det vart klekt over 6 mill. kyllingar i mai. Totalt for året ligg klekketalet på 29,4 mill. kyllingar. Samanlikna med same periode i 2015 og 2016 har klekketalet auka med høvesvis 5 og 3 prosent. Talet ligg likevel 14 prosent lågare enn tilsvarande periode i 2014, då det var rekordhøg produksjon av slaktekylling.

6 prosent lågare kalkunklekking hittil i år
Etter ein nedgang i april, gjekk talet på klekte kalkunkyllingar opp att i mai. I april vart det klekt 68 tusen kyllingar, medan klekketalet i mai var 116 tusen. Det samla talet for 2017 er dermed 508 tusen kyllingar. Dette er ein nedgang på 6 prosent frå 2016, og 11 prosent frå 2015.

Auke i klekking av verpehøns i mai
Talet på klekte kyllingar av verperase gjekk opp i mai, til nærare 660 tusen kyllingar. Dette er det høgaste månadlege klekketalet hittil i år. Det samla talet for året ligg på nesten 2,8 mill. kyllingar. Det er eit lågare klekketal enn for tilsvarande periode dei siste tre åra, og ligg omtrent på nivå med 2013. Ein ventar at klekketalet for juni vil hamne litt over ein halv million. Klekketalet for 1. halvår vil i så fall ligge 11 prosent lågare enn i 1. halvår 2016.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Relaterte nyheter

Mer om temaet