Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisauke på meieriprodukt og korn på verdsmarknaden

Høgare etterspurnad gav prisauke på meierivarer i februar, medan tørt vêr gav høgare kornpris. Prisane på egg fortsette å gå ned i EU.

Maiskolbe (Copyright: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)

Ifølgje FAOs prisindeks for februar gjekk prisane opp frå januar til februar. Prisauka skuldast høgare prisar på meieriprodukt og korn. Prisane på meieriprodukt gjekk opp på grunn av høgare etterspurnad. Prisane på korn gjekk opp på grunn av tørt vêr i USA og Argentina, som er venta å ville gi dårlegare kvalitet på haustkveiten i USA og maisen i Argentina.

Varierte prisar på storfe og kylling
Prisane på storfe og kylling i EU varierte en del frå veke til veke gjennom februar, medan prisen på svin i EU auka. Medan EU-prisen på svinekjøt auka, gjekk verdsmarknadsprisane på svinekjøt elles ned. Det syner FAO sin prisindeks for kjøt.

Nedgang i eggpris, men framleis høge prisar
Etter å ha auka gjennom siste halvdel av 2017, byrja eggprisane på EU-marknaden å gå ned i starten av 2018. Prisnedgangen heldt fram i februar, men var ikkje like markant som i januar. Gjennomsnittsprisen for heile regionen gjekk ned med om lag 11 prosent, mot over 16 prosent månaden før. På tross av to månader med sterk prisnedgang, ligg den gjennomsnittlege EU-prisen likevel meir enn 25 prosent over nivået frå same tid i 2017.

Sjå utvikling i prisar og meir informasjon om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet