Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Varierande utvikling i internasjonale prisar på jordbruksvarer i januar

Dei internasjonale prisane på meierivarer gjekk ned i januar, medan kveiteprisane auka. Verdsmarknadsprisane for kjøt gjekk i ulike retningar.

Griseslakt (Copyright: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)

I EU gjekk prisane på både svinekjøt og kylling ned i januar. Prisindeksen for kjøt hos FAO, FN sin organisasjon for mat og ernæring, var om lag uendra frå desember. FAO sin prisindeks speglar prisnedgangen på svinekjøt i EU, men syner samstundes at verdsmarknadsprisane på storfe- og lammekjøt gjekk opp i januar. For storfekjøt skuldast prissoppgangen på den internasjonale marknaden at det var mindre storfekjøt tilgjengelig for eksport frå Australia.

Lågare eggprisar i EU
Etter å ha auka gjennom heile den siste halvdelen av 2017, gjekk eggprisane i EU ned i januar. Snittprisen for regionen fall med over 16 prosent frå desember, men utviklinga varierte mellom dei ulike landa. Prisnedgangen var størst i Nederland, medan prisane i Finland og Estland gjekk litt opp.

Lågare pris på meierivarer
FAO sin prisindeks for meierivarer gjekk ned i januar, mellom anna som følgje av stor mjølkeproduksjon på den nordlege halvkula og i Australia. I Tyskland var prisane på smør og skummamjølkpulver stabile, medan prisen på gouda gjekk ned.

Aukande pris på kveite
Verdsmarknadsprisane på kveite gjekk opp i januar. Ein svak dollar ga høgare etterspurnad etter kveite som omsetjast i dollar. Mot slutten av månaden førte tørt vêr til uro kring kvaliteten på haustkveiteproduksjonen i USA, noko som òg bidrog til prisoppgangen.

Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Mer om temaet