Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Å jobbe i Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har eit breitt og viktig samfunnsoppdrag. Vi tilset både erfarne fagpersonar og nyutdanna, som saman skal bidra til at direktoratet leverar på samfunnsoppdraget i åra framover.

Trivelig på jobb (Copyright: Colourbox.com)

Foto: Colourbox.com

For å løyse oppgåva innanfor fagområda ressurs og areal, skog, landskapsproduksjon, reindrift, handel og industri, kommunikasjon, IKT og administrasjon, treng vi menneske med ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn. Hos oss arbeider mellom anna juristar, økonomar, naturvitarar, samfunnsvitarar og IKT-medarbeidarar. Vi har eit sterkt fagmiljø prega av stort engasjement. Hos oss kan du jobbe med utfordrande problemstillingar i skjæringspunktet mellom politikk og forvaltning.

Vi har kontor i Oslo og Alta i dag. I 2019 får vi også eit kontor på Steinkjer, der vi skal etablere oss med spennande oppgåver innan erstatning, skog, rekneskap, lønn og arkiv.

Landbruksdirektoratet har fokus på eit godt arbeidsmiljø og vi er opptatt av at medarbeidarane trivst på jobb. Vi legg til rette for at våre medarbeidarar skal ha fagleg og personleg utvikling gjennom løysing av komplekse oppgåver og problemstillingar.