Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Kven er vi?

Landbruksdirektoratet er ein kunnskapsorganisasjon med eit tverrfagleg miljø som set landbruks- og handelspolitikken ut i livet og er eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet (LMD). Kunnskaps- og erfaringsmangfaldet hos medarbeidarane våre er styrken vår.

Trivelig på jobb (Copyright: Colourbox.com)

Foto: Colourbox.com

Landbruksdirektoratet skal forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla retta mot bønder, skogeigarar, reineigarar, grunneigarar og landbruksbasert matindustri, overvake med marknaden for landbruksvarer og administrere importvernet.

Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklinga i ressursgrunnlaget og over utviklingstrekka i heile verdikjeda. Vi skal ha kunnskap om gjeldande politiske mål, om resultatoppnåing og gje råd til LMD om utvikling av verkemiddel. Vi skal ha god erfaringsutveksling med næringa og anna forvalting.

For å løyse oppgåvene våre innan fagområda ressurs og areal, skog, landskapsproduksjon, reindrift, handel og industri, kommunikasjon, IKT og administrasjon treng vi menneske med ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn.

I Landbruksdirektoratet arbeider det difor mellom anna mange juristar, økonomar, naturvitarar, samfunnsvitarar og IKT-medarbeidarar. Landbruksdirektoratet rekrutterer ofte personar som er nyutdanna, men vi ønskjer også å trekkje til oss erfarne fagpersonar.

Som kollega ønskjer vi deg som er dyktig, engasjert og som likar å dele kompetanse og samarbeide med andre.