Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Slik søkjer du jobb i Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet lyser ut stillingar her på nettsida. Du søkjer via den elektroniske rekrutteringsportalen.

Taster på pc (Copyright: Colourbox.com)

Landbruksdirektoratet lyser hovudsakleg ut ledige stillingar på nettsida og gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge.no. Du kan på ein enkel måte registrere CV-en din, skrive søknad og leggje ved elektroniske attestar og vitnemål på www.jobbnorge.no.

I rekrutteringsportalen kan du også lagre søk på stillingar som er relevante for deg i ein «jobbagent». Dermed kan du få varsel om nye annonsar frå Landbruksdirektoratet direkte til e-postadressa di.

Praksisplassar

Landbruksdirektoratet er opptatt av mangfald og inkludering. Vi ønskjer difor å tilby arbeidstrening i form av praksisplassar til personar som av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet. Landbruksdirektoratet tek normalt inn 1-3 praktikantar kvart år. Dersom du har ei yting frå NAV og ønskjer praksisplass hos oss, ta kontakt med Avdeling administrasjon ved Inger Abrahamsen på telefon 78 60 60 48.