Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kontrollarbeidet til fylkesmannen

papirer-og-fingre (Copyright: Colourbox.com)

Landbruksavdelinga til fylkesmannen har ansvaret for kontroll med verkemidla som dei har delegert forvaltningsansvar for. Kontrollarbeidet til fylkesmannen vert styrt gjennom lov, forskrifter, rundskriv, verksemdsinstruksen og årlege fullmaktsbrev.

  • Forvaltningskontroll

    Fylkesmannen skal følgje opp forvaltninga til kommunane ved å gjennomføre forvaltningskontrollar, og bidra med kompetansetiltak.

  • Regelverk knytt til konsesjons- og jordlova

    Fylkesmannen samarbeider med kommunen om å kontrollere dei juridiske verkemidla i jord- og konsesjonslovgivinga. Det er kommunen som først og fremst kontrollerer og sanksjonerer brot, men også fylkesmannen har viktige kontrolloppgåver på området.

    Når eigaren har fått avslag på søknad om konsesjon eller fått trekt tilbake konsesjonen, set kommunen ein frist for sal. Dersom eigedomen ikkje vert selt innan fristen, kan fylkesmannen krevje eigedomen tvangsselt. Det er fylkesmannen som følgjer opp tvangssal. Fylkesmannen kan og vedta at konsesjonspliktige rettar skal falle bort, dersom det ikkje er gjeve konsesjon for rettane. Dette gjeld leige- og bruksrettar som er stifta for meir enn 10 år.

    Tvangsgebyr

    Fylkesmannen kan vedta tvangsgebyr for å sikre at reglane i konsesjons- og jordlova vert følgt. Fylkesmannen vedtek gebyr i fleire situasjonar som til dømes at:

    • Eigaren ikkje følgjer vilkåra som er sett i ei konsesjonssak.
    • Eigaren oppfyller ikkje driveplikta.
    • Nydyrking er gjort utan løyve eller utover løyvet.
    • Eigedommen er ulovleg delt.
    • Eigedommen er omdisponert på ein ulovleg måte.
  • Regelverk knytt til husdyrkonsesjon

    Husdyrkonsesjonsordninga regulerer kraftfôrbasert husdyrhald, og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Fylkesmannen har ansvar for å kontrollere at husdyrkonsesjonsregelverket vert overhalde. Kontrollen vert gjennomført enten som ein kontroll på produksjonsanlegget for å kontrollere omfanget av produksjonen, eller ved ein gjennomgang av leveransedata. Dersom fylkesmannen avdekkjer produksjon ut over konsesjonsfri drift skal dette føre til ein reaksjon overfor produsenten.

Kontakt

Lenker