Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kontrollarbeidet til kommunane

måling-areal (Copyright: Colourbox.com)

Kommunane har ansvar for å kontrollere dei verkemidla dei har fått delegert forvaltningsansvar for. I tillegg har kommunane fått i oppgåve å ta imot og kontrollere søknader for nokre verkemiddel kor fylkesmannen har mynde til å fatte vedtak. Kontrollarbeidet hos kommunen er styrt gjennom aktuelle lover, forskrifter og rundskriv.

  • Kontroll av tilskotsordningar

    Kommunane kontrollerer søkjarane før endeleg vedtak om tilskot vert fatta. Kontrollane vert gjennomført med utgangspunkt i opplysningane som søkjaren oppgir i søknadsskjema. Landbruksdirektoratet har gitt retningslinjer for sakshandsaming til kommunane om at ein viss del av søknadane skal verte kontrollert. Omfanget av kontroll varierer for dei ulike tilskotsordningane.

    Kommunane vert følgt opp av fylkesmannen, slik at kontrollane vert utført på ein tilfredsstillande måte.

    På nokre tilskotsordningar har fylkesmannen vedtaksmynde, mens kommunen er saksførebuande organ som også gjennomfører kontroll hjå føretaket.

  • Kontroll av eigedomslovgivinga

    Kommunane har ansvar for å følgje opp dei juridiske verkemidla i eigedomslovgjevinga. Kommunane skal undersøkje om dei som har fått løyver eller plikter på ein eigedom oppfyller desse på riktig måte. Det er fleire sanksjonar kommunen kan bruke for å sikre seg at reglane vert følgd. I tillegg kan kommunen i ein del saker be fylkesmannen om å fastsetje tvangsgebyr.

    Sjå meir under kontroll av konsesjonslovgjevinga og jordlovgjevinga nedanfor.

  • Kontroll av konsesjonslovgivinga

    Kommunen har fleire oppgåver etter konsesjonslova. I første rekkje må kommunen sikre at konsesjonsreglane vert følgt når ein eigedom skiftar eigar. Eigaren skal enten søkje konsesjon eller dokumentere at eigedommen er konsesjonsfri. Kommunen stadfestar konsesjonsfridom og sjekkar at det vert søkt om konsesjon. I konsesjonslova er det eit sanksjonssystem med fleire trinn. Dersom eigaren ikkje søkjer om konsesjon, eller har brote vilkåra for konsesjonsfridom, kan kommunen setje ein frist for å søkje konsesjon. Dersom ein konsesjon er gjeve med vilkår, må kommunen følgje med og sjekke at vilkåra vert følgt. Dersom eigaren ikkje har følgt vilkåra , kan kommunen trekkje konsesjonen tilbake.

    Mange eigedomar har buplikt. Kommunen sjekkar at buplikta er oppfylt ved å undersøkje kven som er registrert busett på eigedommen. Dersom buplikta ikkje er oppfylt, kan kommunen krevje at eigaren søkjer konsesjon.

    Dersom eigaren har fått avslag på søknad om konsesjon eller får konsesjonen trekt tilbake, skal kommunen setje ein frist for sal av eigedommen. 

  • Kontroll av jordlovgivinga

    Jordlova inneheld fleire løyver og plikter.

    Ein som vil nydyrke eit areal må få løyve frå kommunen. Dersom nokon nydyrkar utan løyve, kan kommunen krevje at skaden vert reparert. Det hender òg at ein gjer meir enn ein har løyve til. I slike tilfelle kan kommunen trekke løyvet tilbake, og krevje at skaden vert reparert.

    Dersom nokon skal dele ein eigedom eller omdisponere dyrka jord, må det føreliggje samtykke frå kommunen. Kommunen skal følgje med og kontrollere at det ikkje vert delt eller vert omdisponert utan eit slikt samtykke. Dersom det er satt opp bygningar på dyrka jord utan at det er gjeve samtykke til at jorda vert omdisponert, kan kommunen krevje at bygningane vert rive.

    Alle som eig dyrka jord har driveplikt. Eigaren kan velje om han vil drive jorda sjølv eller leige ut jorda. Kommunen følgjer opp driveplikta ved å kontrollere innsendte leigeavtalar. I tillegg kan kommunen påleggje eigaren å leige ut jorda dersom eigaren ikkje sørgjer for at jorda vert driven. Dersom eigaren ikkje følgjer pålegget, kan kommunen sjølv leige ut jorda til nokon som vil drive jorda. 

  • Kontroll av skoglovgivinga

    Kommunen har ansvar for å kontrollere at skogbrukslova vert følgt. For å sikre at lova vert følgt, kan kommunen fastsette meldeplikt for skogeigarane etter § 11. Skogeigarane må då melde inn planer om hogst eller tiltak knytt til forynging og stell av skog. Dette gjev kommunen anledning til å kontrollere planane/tiltaket på førehand.

    I tillegg har kommunen eit generelt høve til å fastsetje tvangsgebyr for å sikre at lova og vedtak etter lova vert følgt.

    Dersom nokon ved forsett eller aktløyse bryter føresegn i skogbrukslova kan dei verte meldt til politiet, og straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år. Brotet på skogbrukslova må vere vesentleg for at straff skal vere aktuelt.

Kontakt