Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kontrollarbeidet til Landbruksdirektoratet

kalkulator-og-korn (Copyright: Colourbox.com)

Landbruksdirektoratet har kontrollrutinar og system som bidreg til at dei økonomiske og juridiske verkemidla blir forvalta i samsvar med føresetnadane til Stortinget. Kontrolltiltaka skal bidra til å sikre tilliten til forvaltninga, samt legitimiteten til politikken og verkemidla.

  • Mål for kontrollen

    Gjennom gode kontrollar sikrar Landbruksdirektoratet, at føresetnadene og vilkåra for tilskot og rettar er til stades.

    Resultat frå kontrollane vert brukt som grunnlag for å:

    • rette opp i feil og fastsette eventuelle sanksjonar
    • betre den interne kontrollen i forvaltninga, inkludert rutinane
    • endre regelverket
    • forbetre informasjonen vi gir ut

    Verknaden av kontrollane våre er at risikoen for feil vert redusert. Vi får også ei meir einsarta og effektiv forvaltning av dei landbrukspolitiske verkemidla som Landbruksdirektoratet er ansvarlege for.

  • Slik føregår kontrollane

    Kven kontrollerer

    Forvaltning av verkemidla innan jord- og skogbruk er delegert til Landbruksdirektoratet, fylkesmannen og kommunane. Landbruksdirektoratet rettleier og gir retningsliner for forvaltninga og utbetalar løyvde tilskotsmiddel.

    Landbruksdirektoratet pliktar å kontrollere at den delegerte forvaltninga vert utøvd i høve til retningslinjene frå Stortinget, Landbruks- og Matdepartementet og Landbruksdirektoratet. Landbruksdirektoratet kontrollerer at fylkesmannen utfører sine oppgåver, og fylkesmannen kontrollerer at kommunane utfører sine oppgåver.

    Klikk her for å få ei oversikt over tilskota.

    Grunnlaget for kontrollane

    Reglement for økonomistyring i staten legg til grunn at alle kontrolltiltak av  økonomiske verkemiddel i staten skal vere risikobasert. I Landbruksdirektoratet vurderer vi vesentlege risikomoment og ser på det samla risikonivået når vi fastsett kva vi skal kontrollere.

    Vi gjennomfører ei rekkje maskinelle kontrollar av opplysningar i innsendte tilskotssøknadar for å redusere omfanget av feil. Dette gjeld blant anna kontroll av søknadsdata opp mot ulike offentlege register.

    Kontroll hos søkjaren

    Nokre økonomiske verkemiddel vert tildelt på grunnlag av opplysningar som søkjaren gir utan å kunne dokumentere, og er basert på tillit til at opplysningane er korrekte. Ein fastsett del av dei tillitsbaserte opplysningane vert kontrollert før endeleg vedtak vert fatta. Som hovudregel er det vedtaksinstansen (kommunen, fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet) som utfører kontrollane. Kontrollen vert gjennomført hjå søkjaren, mellom anna ved å telje dyr og måle andre opplysningar som vert gjevne i søknaden.

    For tilskot der det vert gjeve tilsegn om tilskot på førehand, løyver og rettar vert det gjennomført kontroll av om tiltaket er gjennomført i tråd med vilkår i tildelinga.

    Kontroll av lovpålagte plikter

    Jord- og skogbruksnæringa er underlagt lovpålagte plikter, omtala som juridiske verkemiddel. Landbruksdirektoratet, fylkesmannen og kommunane fører tilsyn med at dei lovpålagte pliktene vert overhalde. Det vert gjennomført kontrollar i eit visst omfang for å sjå til at pliktene vert overhalde.

    Forvaltningskontrollar

    Landbruksdirektoratet gjennomfører kvart år kontroll av forvaltninga til fylkesmannen. Dette gjeld både verkemiddel fylkesmannen har fått delegert forvaltningsmynde for og verkemiddel som er delegert til kommunane, der fylkesmannen skal følgje opp forvaltninga til kommunane. Dette kallar vi forvaltningskontrollar.

    Årsplanar

    Landbruksdirektoratet utarbeider årleg planar for sin kontrollaktivitet.

  • Samarbeid med andre etatar

    Landbruksdirektoratet samarbeider om kontroll mellom anna med Tolletaten, Skatteetaten og Mattilsynet. Det vert halde samarbeidsmøter jamleg med desse etatane der kontroll er tema.

Kontakt