Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Offentleg elektronisk postjournal

I offentleg elektronisk postjournal (OEP) kan du søkje opp dokument frå statlege verksemder og bestille det du vil ha innsyn i.

Følg lenken under.

Søk i Offentlig elektronisk postjournal - OEP

 

Kva er OEP?

Offentleg elektronisk postjournal er ei felles publiseringsteneste for statlege verksemder sine postjournalar. Verksemdene brukar publiseringsløysinga OEP til å gjere eigne postjournalar tilgjengelege for alle. Dei ulike postjournalane blir vidare samla i ein felles database som blir gjord søkbar for brukarane.

Korleis handsame innsyn?

Ei bestilling av innsyn blir send direkte til den verksemda som er ansvarleg for journaloppføringa. Vidare blir bestillinga handsama av verksemda som eit innsynskrav, og brukaren får svar direkte frå verksemda. Du kan få innsyn i offentlege postjournalar som er daterte før 6. januar 2014 ved å vende deg til e-post: postmottak@landbruksdirektoratet.no.