Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Saksbehandling og saksbehandlingstid

Skriftlege meldingar blir behandla likt anten dei kjem som tradisjonell post, som elektronisk post eller per telefaks. Det er innhaldet i og kompleksiteten ved saka som avgjer kor raskt vi svarar. Det spelar inga rolle korleis dei kjem inn.

Alle enkeltsaker vil bli behandla så raskt som mogleg. Saksbehandlingstida kan variere
frå eitt par dagar til fleire månader avhengig av saksområdet. Saksbehandlingstida føreset at søknaden er fullstendig utfylt og at krava til dokumentasjon er oppfylte.

Saksbehandlingstid for nokre av tenestene til Landbruksdirektoratet:

 

SAKSOMRÅDE

SAKSBEHANDLINGSTID

Generelle tollnedsetjingar for frukt, bær og grønsaker

inntil 2 arbeidsdagar

Generelle tollnedsetjingar (andre produkt)

inntil 4 arbeidsdagar

Individuelle tollnedsetjingar

inntil 10 arbeidsdagar

Individuelle tollnedsetjingar for import av industrielt tilverka jordbruksvarer (RÅK)

inntil 10 arbeidsdagar

Tildeling av tollkvotar for landbruksvarer

inntil 10 arbeidsdagar

Tilskot i form av prisnedskriving til industrielt tilverka jordbruksvarer

innan følgjande månad etter at søknaden er motteken

Tilskot til tilverka jordbruksvarer ved eksport og leveransar til spesialmarknader

innan følgjande månad etter at søknaden er motteken

Tilskot til enkelte tilverka kjøtvarer ved eksport og leveransar til spesialmarknader

innan følgjande månad etter at søknaden er motteken

Husdyrkonsesjon

3 mnd

Mjølkekvoter

3 mnd

Erstatning etter naturskadelova

2 mnd

Erstatning etter offentlege pålegg som følgje av planteskadegjerarar

2 mnd

Klagesaker i samband med marknadstiltak (unnateke prisutjamningsordninga for mjølk)

2 mnd

Klagesaker i samband med handelstiltak

2 mnd

Klager i samband med spesielle miljøtiltak

3 mnd

Klager i samband med endra jordtilarbeiding

3 mnd

Klager i samband med gjødslingsplanlegging

3 mnd

Klager i samband med BU-midlar (delen til fylkesmannen)

3 mnd

Klager i samband med katastrofeordningane i plante- og honningproduksjon

3 mnd

Klager i samband med husdyrkonsesjon

3 mnd

Klagesaker etter jordlova

3 mnd

Klagesaker etter konsesjonslova

3 mnd

Klagesaker etter odelslova

3 mnd

Klagesaker etter fjellova

3 mnd

Klagesaker etter statsallmenningslova

3 mnd

Det er ein generell regel at dersom saka ikkje kan verte handsama innan 4 veker etter at den er motteken i Landbruksdirektoratet, vil du få ei førebels melding der vi gir informasjon om kven som er saksbehandlar, vedkomande sitt telefonnummer og når du kan forvente eit vedtak.


Alle vedtak i enkeltsaker vil innehalde opplysningar om klagerett, klageinstans, prosedyre og klagefrist. Vi gjer i den samanheng merksam på at klager på enkeltvedtak må vere underskrive av klagaren, eller så må vedkomande gi fullmakt.

Vi skal alltid svare på den målforma som du har nytta i meldinga di til oss.

Vi legg vekt på å nytte eit enkelt og tilgjengeleg språk både i breva våre og i annan skriftleg informasjon.