Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Kva er Landbruksdirektoratet?

Landbruksdirektoratet set landbruks- og matpolitikken ut i livet og er eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Rundstykker og brød, beskjært. (Copyright: LMD )

Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskotsordningar og juridiske verkemiddel står sentralt i Landbruksdirektoratet sitt arbeid. I tillegg kjem kontroll og dokumentasjon. Vi skal også samle kunnskap om landbruk og tilknytte samfunnsområde og bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken. Som ledd i dette skal direktoratsoppgåvene på skogbruksområdet vidareutviklast.

Landbruksdirektoratet skal i tillegg bidra med rådgjeving og utgreiing. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til røynsleutveksling med næringa og anna forvalting, ha god kunnskap om resultatoppnåinga knytt til gjeldande politiske mål og gi innspel til LMD om utviklinga av verkemiddel. Landbruksdirektoratet skal gi råd på eige initiativ, og rådgjevinga skal ha høgt fagleg nivå på alle resultatområda. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltingskompetanse til regional og lokal forvalting skal inngå i dette.


Per april 2019 har Landbruksdirektoratet ca. 220 tilsette fordelt på fem avdelingar: Digitalisering og organisasjonRessurs og areal, LandbruksproduksjonHandel og industri og Reindrift.