Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Landbruksdirektoratet sine resultatområde

Landbruksdirektoratet har kontorer i Oslo og Alta, der avdelingen i Alta har ansvar for reindrifta.

Landbruksdirektoratet si verksemd omfattar fem resultatområde:

Administrasjon
Ressurs, skogbruk og areal
Landbruksproduksjon
Handel og industri
Reindrift

Hovudmål for resultatområda:

Administrasjon SMA?BRUK-OG-ENG-MED-LØVETANN Foto: LMD
På resultatområdet administrasjon har Landbruksdirektoratet oppgåver knytt til organisasjonsutvikling, personalforvalting, rekneskapsføring, økonomistyring, beredskap, IKT drift og utvikling og andre fellestenester som sentralbord og arkiv. Dette skal bidra til ei velfungerande verksemd som gjer nytte av ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvalting og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester.

Ressurs, skogbruk og areal
På resultatområdet ressurs, skogbruk og areal skal Landbruksdirektoratet bidra til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder. Arbeidsområda omfattar utvikling og forvalting av verkemiddel og tiltak knytt til arealbruk, skog, miljø og kulturlandskap, økologisk landbruk og klimautfordringar. Vi forvaltar erstatningsordningane i landbruket og er sekretariat for naturskadeordninga. I tillegg ligg det koordinerande ansvaret i Landbruksdirektoratet overfor fylkesmannsembeta under dette området.

Handel og industri
På resultatområdet handel og industri skal Landbruksdirektoratet bidra til å sikre ein godt fungerande næringsmiddelindustri og ein stabil marknad som gjev avsetnad for norske jordbruksråvarer til stabile prisar. Viktige ansvarsområde er importvernet av landbruksvarer, sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet, ordningar retta mot næringsmiddelindustrien, marknadsovervaking og innhenting av prisar på norske og utanlandske landbruksvarer. Næringsmiddelindustri, importørar og eksportørar er viktige målgrupper for desse ordningane.

Landbruksproduksjon
På resultatområdet landbruksproduksjon skal Landbruksdirektoratet bidra til å sikre matproduksjonen og ei stabil matforsyning. Arbeidsoppgåvene er knytt til utvikling og forvaltning av inntekts- og velferdsordningar, dei produksjonsregulerande verkemidla mjølkekvoter og husdyrkonsesjon, og ei rekkje mindre tilskotsordningar. Felles for ordningane er at det er primærprodusenten som er målgruppa. Sekretariatsoppgåvene for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter, og Forskingsmidlane over jordbruksavtalen ligg også her. Det same gjeld ansvaret for ekstern kontroll.

Reindrift
På resultatområdet reindrift skal Landbruksdirektoratet bidra til å sikre at måla i reindriftspolitikken blir nådd og forvalte dei økonomiske ordningane i reindriftsavtala for å bidra til auka verdiskaping. Det vil og seie å legge rammene for ei økologisk, økonomisk og kulturelt bærekraftig reindrift, medverke til å sikre ressursgrunnlaget. Arbeidet med å dokumentere reindrifta sin arealbruk og rettigheter er vesentlig. Landbruksdirektoratet er sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret, styret for Reindriftens utviklingsfond (RUF) og for Klagenemnda for reinmerkesaker. I tillegg er vi støtte- og utredningsorgan for Landbruks- og matdepartementet.