Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskot og avgifter honning

Bie

Føretak som produserer honning kan ha rett på tilskot, og ha plikt til å betale avgifter. Vi har to typar avgifter for honning, forskingsavgift og kollektivt dekt omsetningsavgift over jordbruksavtalen.

Landbruksdirektoratet krev inn forskingsavgift på norskprodusert honning som vert nytta til ervervsmessig bearbeiding eller framstilling av nærings- og nytingsmidlar. Dette omfattar også innkreving av forskingsavgift på honning som blir seld direkte til forbrukar eller detaljist. Omsetningsavgifta blir kollektivt avsett i jordbruksavtalen.

  • Produksjonstilskot

    Føretak kan søke om produksjonstilskot for talet bifolk dei disponerer 1. oktober. Fristen for å søke om tilskot er 15. oktober.

    Dersom føretaket har mindre enn 25 bifolk, kan føretaket berre få utbetalt tilskot for bifolk dersom det også får produksjonstilskot på anna grunnlag.

    Les meir om vilkåra for å få tilskot og korleis du søker i «Veileder til søknad om produksjonstilskudd i jordbruket og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid».

  • Forskingsavgift

    Det skal betalast forskingsavgift på norskprodusert honning som vert nytta til ervervsmessig bearbeiding eller framstilling av nærings- og nytingsmidlar. Med honning meiner ein følgjande nærings- og nytingsmiddel: Alle råvarer, halvfabrikata eller ferdigvarer av honning. Med ervervsmessig bearbeiding eller framstilling av nærings- og nytingsmidlar meiner ein forretningsmessig verksemd på området frå lagring, klassifisering, sortering, oppdeling, pakking av uhandsama produkt via framstilling av halvfabrikata til produksjon av konserver og ferdigrettar.

    Kven skal betale avgifta?
    Føretak som første gong kjøper honning frå produsent skal betale avgifta. Vidare skal produsentar med direktesal av honning til forbrukar eller detaljist betale avgifta.

    Korleis blir avgifta rekna ut?
    Avgiftsgrunnlaget for forskingsavgifta er prisen på innkjøpt vare, eksklusive meirverdiavgift. Utgifter til frakt, pakking, sortering og emballasje kan ikkje trekkast frå. Ved omsetting av sjølvprodusert honning er avgiftsgrunnlaget kostnadane for tilsvarande vare ved ordinært kjøp.

    Forskingsavgifta utgjer 0,35 prosent av avgiftsgrunnlaget.

    Kva skal du som avgiftspliktig gjere?
    Einkvar som har plikt til å betale forskingsavgift på norskprodusert honning skal rapportere avgiftsgrunnlaget til Landbruksdirektoratet på skjema LDIR-481 Rapporteringsskjema forskningsavgift på vegetabiler og honning. Dei med avgiftsgrunnlag større enn 3 mill. kroner per kalenderår rapporterer kvartalsvis. Dei med mindre avgiftsgrunnlag enn dette og dei som har heile avgiftsgrunnlaget sitt knytt til 4. kvartal, rapporterer ein gong per år. Rapporteringsfristane går fram av skjemaet. Landbruksdirektoratet sender ut faktura på berekna avgift. Avgiftsbeløp mindre enn 100 kroner blir ikkje krevd inn.

    Avgiftspliktige med plikt til å revidere årsrekneskapet og som av den grunn har revisor, skal også rapportere revisorattestert avgiftsgrunnlag til Landbruksdirektoratet på skjema LDIR-482 Revisjons- og kontrollskjema forskningsavgift på vegetabiler og honning. Rapporteringsfrist framgår av skjemaet. Ved avvik mellom opprinneleg rapportert og revisorattestert avgiftsgrunnlag betaler Landbruk­direktoratet tilbake for mykje innbetalt eller krev inn for lite innbetalt forskingsavgift.

    Importert frukt og grønt
    Tollregionane ved skattekontora står for innkrevjing av forskingsavgift på importerte produkt.

    Kva blir forskingsavgifta brukt til?
    Forskingsavgifta går inn i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og blir nytta til forsking knytt til landbruksprodukt som vert nytta til ervervsmessig bearbeiding eller framstilling av nærings- og nytingsmidlar og fôrkorn til husdyr.

    Regelverk
    Forskingsavgifta har heimel i forskrift av 20. desember 2012 nr. 1417 om forskningsavgift på landbruksprodukter .

  • Omsetningsavgift

    Kostnader ved marknadsregulering på honning (opplysningsverksemd, faglege tiltak og avsetnadstiltak) blir dekte gjennom ei kollektivt dekt omsetningsavgift for hagebruk løyvd over jordbruksavtalen.

    Midlar som ikkje er disponerte, blir tilført fondet for omsetningsavgift for hagebruk, og kan bli brukt til å finansiere ekstraordinære avsetnadstiltak.

  • Tilskot til avlsorganisasjonar

    Norges Birøkterlag kan få tilskot til avlsorganisasjonar dersom dei bidreg til drifta av reinavlsområdet for den brune bia. Tilskotet vert løyvd over jordbruksavtalen og skal sette tilskotsmottakarar i stand til å ivareta eit nasjonalt ansvar for avlsarbeidet. Det er berre organisasjonar som er namngjevne i jordbruksavtalen som kan få slikt tilskot.

Kontakt

Siste nyheter