Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Semin

Norsk rødt fe (NRF)

Tilskot til utjevning av kostnadene ved utsending av sæd og inseminering av storfe og svin skal bidra til å halde storfe- og svineprodusentane sin eigenandel på same nivå i heile landet.

Distributørar av sæd frå godkjent avlsorganisasjon og som har landsdekkande distribusjons- og inseminasjonsteneste kan få tilskot. Søknad om tilskot for påfølgjande år må sendast til Landbruksdirektoratet innan 1. oktober. Det fins ikkje eige søknadsskjema for dette.

 

Vedlagt søknaden skal det følgje:

  • Rekneskap for føregåande år som viser kostnadane innanfor kvart einskild område som blir betent av høvesvis veterinær, seminteknikar eller eigar/røktar. Det vil eksempelvis vere revisorattestert rekneskap for 2017 som skal følgje søknaden for 2019.
  • Dokumentasjon på tilskotsmidlane distributøren har brukt på å jamne ut produsentane sin eigenandel i kvart einskild fylke i forhold til det rimelegaste fylket søkjar opererer i.
  • Statistikk som viser tal førstegongsinsemineringar og insemineringar gjennomførte av veterinær eller seminteknikar, og tal på selde sæddosar til eigarinseminasjon.
  • Prognose for tilskotsmidlar det er behov for dersom eigenandelen skal kunne bli sett lik dei faktiske inseminasjon- og distribusjonskostnadane i det rimelegaste området distributøren opererer.

I tillegg skal søkjar kunne dokumentere at det blir gjeve eit likeverdig tilbod til alle brukarar innanfor kvart fylke, og føre oversikt over kva for dyr som er inseminerte med kva for sæd.

Tilskotsmidlane blir fordelte forholdsmessig mellom søkjarane på bakgrunn av det tilskotsbeløpet distributørane måtte ha fått dersom dei skulle sett produsentane sin eigenandel i heile landet lik dei faktiske inseminasjon- og distribusjonskostnadane i det rimelegaste fylket distributøren opererer i.

 

For meir informasjon om ordninga, sjå forskrift om tilskudd til utjevning av kostnadene ved forsendelse av sæd og inseminering av storfe og svin.

 

 

Kontakt