Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskot til norsk ull og skinn

Sau på Setesdalsmuseet - beskjært

Tilskotet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauenæringa som ikkje i tilstrekkeleg grad blir sikra gjennom marknadspris og andre tilskot. Tilskotet skal vidare medverke til å betre kvaliteten på norsk ull, og sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

  • Tilskot til ull

    Tilskotet blir rekna ut i frå ein fast gjennomsnittssats pr. kg omsett ull. Satsen er fastsett i jordbruksavtalen. Den gjennomsnittlege tilskotssatsen blir av Landbruksdirektoratet differensiert mellom ulike kvalitetsklassar etter forslag frå Nortura og Kjøt- og fjørfebransjens Landsforbund. Dei differensierte satsane går fram av søknadsskjemaet. Eventuelle satsendringar gjeld frå 1. september.

    Tilskotet blir utbetalt til produsent via ullstasjon eller slakteri.

  • Tilskot til pelsskinn, ulne skinn og villsauskinn

    Tilskotet blir gjeve etter ein fast sats pr. skinn for pelsskinn, ulne skinn og villsauskinn. Satsar og varekodar går fram av søknadsskjemaet.

    Tilskotet blir utbetalt til produsent via ullstasjon eller slakteri.

    Slakteri kan søkje om tilskot til pelsskinn, ulne skinn og villsauskinn dersom følgjande krav er oppfylte:

    • Det må vere minimum 5,0 cm ull på skinnet
    • Skinnet skal vere av klasse I eller II
    • Ein må kunne dokumentere at skinnet er omsett vidare frå slakteri eller ullstasjon

     

    Rundskriv 2017-20 «Pristilskudd for ull og skinn av norsk sau» inneheld fleire retningsliner om søknadsrutiner for tilskot til skinn.

    • Regelverk

    • Vilkår for slakteri og ullstasjon

      Ullstasjonar som omset ull må vere godkjente av Landbruksdirektoratet, og all klassifisering av ull skal skje i samsvar med Norsk Ullstandard. Landbruksdirektoratet fører tilsyn med at godkjente ullstasjonar følgjer gjeldande reglar.

      Slakteri skal rapportere kvanta ull og skinn avrekna i føregåande månad (periode) elektronisk. Fristen for rapportering er innan den 15. påfølgjande månad. Ein aksepterer i tillegg manuell rapportering.

      For utfyllande føresegner om ordninga, sjå rundskriv 2017-20 «Pristilskudd for ull og skinn av norsk sau».