Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Veterinærtenester

Sauefjøs_Torbjorn_Tandberg (Copyright: LMD)

Landbruksdirektoratet gjev reisetilskot ved veterinærar sine sjuke- og inseminasjonsbesøk og tilskot til kommunale veterinærtenester.

  • Tilskot til veterinære reiser

    Reisetilskot ved veterinærar sine sjuke- og inseminasjonsbesøk skal bidra til å jamne ut forskjellar i husdyrprodusentane sine veterinærkostnader.

     

    Kven kan søkje om reisetilskot?

    Føretak som er registrerte i einingsregisteret og som tilbyr veterinærtenester kan søkje om reisetilskot.

     

    Reiser og utlegg som gir rett til tilskot

    Det er berre naudsynte reiser knytte til inseminasjon og sjukdom på husdyr som gir rett til reisetilskot. Reisetilskot kan ytast ved bruk av eige framkomstmiddel, leigd skyss eller rutegåande framkomstmiddel:

    • Bruk av eige framkomstmiddel: Det kan ytast tilskot for reiste kilometer og utlegg i tilknyting til reisa.
    • Bruk av leigd skyss eller rutegåande framkomstmiddel: Det kan ytast tilskot for den tida veterinæren er på reise med leigd skyss eller rutegåande framkomstmiddel og for utlegg i tilknyting til reisa.

     

    Satsar og tilskotstak for 2019 

    Tilskot ved bruk av eige framkomstmiddel

    12,07 kr per km

    Tilskot for reise og ventetid ved bruk av leigd
    skyss og rutegåande transportmiddel

    320 kr per time

    Tilskotstak ved bruk av leigd skyssbåt

    110 kr per km

    Tilskotstak for «andre kostnader» ved bruk
    av leigd skyssbåt

         2  000 kr per reise

     

    Korleis søkje?

    Søknad om reisetilskot skal sendast til fylkesmannen i det fylket der veterinærføretaket er registrert. Bruk skjemaet Søknad om reisetilskudd ved veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk. Skjemaet inneheld eigen søknadsrettleiar.

     

    Meir informasjon om ordninga

     

  • Tilskot til kommunale veterinærtenester

    Tilskot til veterinærdekning, også kjent som tilskot til kommunale veterinærtenester, skal bidra til naudsynt tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskotet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova har ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå veterinærar, og for å organisere ei klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

     

    Løyving

    Stortinget har løyvd 180,471 mill. kroner til tilskot til veterinærdekning for 2019. Tilskotet er fordelt slik:

    • Vakttilskot: 129,8 mill. kroner
    • Administrasjonstilskot: 5,6 mill. kroner
    • Stimuleringstilskot: 45,071 mill. kroner

     

    Vakttilskotet skal bidra til å finansiere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, medan administrasjonstilskotet skal bidra til å finansiere administrasjon av denne vakta. Stimuleringstilskot er midlar til tiltak som skal bidra til å sikre tilgang på veterinærtenester i kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinære tenester. Ein mindre del av stimuleringstilskotet vert nytta på Svalbard.

     

    Fordeling av tilskota

    Vakt- og administrasjonstilskotet blir fordelt til kommunane av Landbruksdirektoratet. Kommunane treng ikkje å søkje om desse tilskota for å få dei. Her finn du Fordeling av vakt- og administrasjonstilskudd for 2019.

    Landbruks- og matdepartementet fordeler stimuleringstilskotet til fylke med kommunar som har dårleg næringsgrunnlag for veterinære tenester. Fylkesmennene i desse fylka prioriterer fordelinga mellom kommunane som søkjer i tråd med retningsliner frå Landbruksdirektoratet.

    Landbruksdirektoratet fordeler stimuleringstilskot som kan brukast for å sikre tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester på Svalbard til Fylkesmannen i Troms og Finnmark. Fylkesmannen i Troms og Finnmark forvaltar stimuleringstilskotet til Svalbard etter retningsliner gitt i eige tildelingsbrev frå Landbruksdirektoratet; Stimuleringstilskudd til Svalbard 2019 - supplering til tildelingsbrev til Fylkesmannen i Troms og Finnmark.

    Fordelinga av stimuleringstilskot mellom fylka og Svalbard samt retningsliner for fordeling av tilskot mellom kommunar som søkjer finn du i  Rundskriv 2018-51 Tilskudd til kommunale veterinærtjenester for 2019

     

    Veterinærvaktskjema for 2019

    Landbruksdirektoratet har utarbeidd Veterinærvaktskjema for 2019 som eit hjelpemiddel som kan nyttast i arbeidet med å organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Legg spesielt merke til at godtgjerslene i dette skjemaet ikkje er reelle godtgjerslesatsar. Med det meiner vi at det er avtalen mellom kommune og vaktveterinærane som avgjer korleis kommunane godtgjer veterinærane for vaktdeltaking. Dersom godtgjerslesatsane i veterinærvaktskjemaet blir brukte som grunnlag for godtgjersle av vaktveterinærane, vil kommunane sine utgifter til veterinærvakt bli tilnærma identisk med løyvd tilskotsbeløp til kommunane.

     

    Kontakt

    Spørsmål om vakt- og administrasjonstilskot skal rettast til Landbruksdirektoratet.

    Spørsmål om stimuleringstilskot skal rettast til fylkesmannen i det fylket du høyrer til.