Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avgifter egg

Egg i kartong - Kampanje. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com (Copyright: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)

Det er avgiftsplikt knytt til produksjon og omsetning av egg. Landbruksdirektoratet har ansvar for å krevje inn omsetningsavgift og forskingsavgift for egg. For egg leverte til pakkeri, er det pakkeria som krev inn avgiftene frå produsenten på vegne av Landbruksdirektoratet.

  • Heimel og klageadgang

    .

  • Omsetningsavgift

    Produsentar pliktar å betale omsetningsavgift for egg dei omset til forhandlar.

    Ved levering av egg til eggpakkeri, blir omsetningsavgifta kravd inn av pakkeriet ved at avgiftsbeløpet blir trekt i oppgjeret til produsenten. Det er den faktiske leveransen frå produsent til eggpakkeri som skal liggje til grunn for avgifta. Eggpakkeriet skal kvar månad betale innkravde avgifter frå produsentane for føregåande månad til Landbruksdirektoratet.

    Ved direktesal av egg utan bruk av pakkeri, skal produsenten på basis av ei samla rapportering over produsert mengd for føregåande år, betale omsetningsavgift til Landbruksdirektoratet. For eggprodusentar blir avgifta kravd inn ved motrekning i utbetaling av tilskot. Dersom produsenten ikkje får tilskot, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta ved faktura. For meir informasjon, sjå "Direktesalg av egg".

    Omsetningsavgifta for egg finansierer tiltak som fremmar omsetninga. Avgiftene går inn i fondet for omsetningsavgift for egg, og blir brukte til finansiering av marknadsregulering, faglege tiltak og opplysningsarbeid. Avgiftsmidlane kan berre bli brukte til å fremme omsetning av egg.

    Les meir om Omsetningsrådet.

    For fleire detaljar om omsetningsavgifta, sjå forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk.

  • Forskingsavgift

    Forskingsavgifta er pålagd norskproduserte og importerte landbruksprodukt som blir nytta i produksjon av nærings- og nytingsmiddel.

    Eggpakkeri pliktar å betale forskingsavgift på landbruksprodukt som dei får frå produsent og som blir nytta til erversmessig behandling eller framstilling av nærings- og nytingsmiddel. For eggpakkeri som formidlar pristilskot, blir forskingsavgifta motrekna månadleg i refusjonen av pristilskot frå Landbruksdirektoratet.

    Ved direktesal av egg utan bruk av pakkeri, skal produsenten på basis av ei samla rapportering over produsert mengd for føregåande år, betale forskingsavgift til Landbruksdirektoratet. Avgifta blir kravd inn ved motrekning i utbetaling av tilskot. Dersom produsenten ikkje får tilskot, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta ved faktura.

    Forskingsavgifta går inn i fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og blir nytta til forsking på landbruksprodukt nytta til produksjon av eller som næringsmiddel.

    Les meir om Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri.

    For fleire detaljar om forskingsavgifta, sjå forskrift om forskningsavgift på landbruksprodukter.

Kontakt